Johannes Hevelius () var ein tysk astronom frå Gdańsk og ein av de mest aktive astronomiske observatørane på 1600-talet. Han fann rotasjonstida til sola, og var den første som gav ei skildring av dei lyse områda som finst nær solflekkar. Han kalla områda faklar, eit namn som framleis er i bruk. Hevelius utgav det første detaljerte kartet over månen, Selenographia (1647). Han laga ein katalog på over 1500 stjerneposisjonar, Uranographia, som òg inneheldt eit vakkert stjerneatlas. Katalogen vart utgjeven i 1690. Verket til Hevelius er redusert sidan han ikkje nytta kikkert, men føretok alle observasjonar med det nakne auga.

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Kategori:Tyske astronomar Kategori:Polske astronomar Kategori:Folk frå Gdańsk Kategori:Astronomar på 1600-talet Kategori:Folk frå Kongelege Preussen Kategori:Vitskaplege instrumentmakarar Kategori:Medlemmar av Royal Society Kategori:Kometoppdagarar