The Prophet's Song er ein song av det britiske rockebandet Queen, opphavleg frå det fjerde studioalbumet deira A Night at the Opera in 1975.
AllMusic har kalla songen «mystisk progrock». I meldinga av songen vart han kalla ein episk song like fascinerande som «Bohemian Rhapsody» og ein av dei finaste studioinnspelingane til Queen.
Bakgrunn «The Prophet's Song» vart komponert av Brian May (arbeidstittel «People of the Earth»). I showet In the Studio with Redbeard, som omhandla A Night at the Opera, der May forklarte at han skreiv songen etter ein draum han hadde som Syndfloda medan han låg sjuk på sjukehus under innspelinga av Sheer Heart Attack. Han brukte fleire dagar på å setje songen saman, og han inneheld ein vokal kanon av Freddie Mercury. Vokalen og kanonen vart skapt ved hjelp av ein delay-effekt. Han er tung og mørk i progressiv rock-stil og krevjande vokal. Songen er over åtte minuttar lang og er den lengste songen til Queen med vokal.
May spelar ein leiketøyskoto i introen av songen og under avslutninga.
Medverkande Freddie Mercury - solo- og korvokal Brian May - gitar, korvokal, leiketøyskoto Roger Taylor - trommer og korvokal John Deacon - bassgitar
Kjelder Denne artikkelen bygger på «The Prophet's Song» frå , den 20. juni 2016. oppgav desse kjeldene:
Kategori:Songar frå 1975 Kategori:Queen-songar Kategori:Hollywood Records-singlar Kategori:Songar skrivne av Brian May Kategori:Songar produserte av Roy Thomas Baker Kategori:Musikk basert på Bibelen