Michael Rummenigge () er ein tysk tidlegare fotballspelar frå Lippstadt. Han vart trefaldig ligameister med Bayern München og fekk med seg tre DFB-pokalar, fordelt på Bayern München og Borussia Dortmund. Rummenigge var angrepsspelar.

Karriere Klubbspel Rummenigge spelte i drygt fem år for Bayern München frå vårsesongen 1983, og omlag like lenge for Borussia Dortmund frå sommaren 1988. I 1984 var han med å vinne DFB-pokalen for FC Bayern, sidan vann han og laget bundesliga i tre år på rad, 1985-87. I 1986 sigra Bayern-mannskapet også i DFB-turneringa. Derimot tapte Bayern og Rummenigge europacupfinalen i mai 1987 mot FC Porto.

24. juni 1989 fekk Rummenigge sin tredje DFB-pokal, då Borussia Dortmund vann heile 4–1 over Werder Bremen i finalen på olympiastadion i Vest-Berlin. I mai 1993 skåra han det fyrste målet då Borussia og italienske Juventus møttest til dobbeltfinale i UEFA-cupen. Deretter snudde Juventus-mannskapet det heile om til siger 3–1 på bortebane og 3–0 på heimebane.

Ut på hausten 1993 reiste Rummenigge til Japan og spel for Urawa, la opp i 1995.

Landslagsspel Rummenigge var innbytar i to landskampar for Vest-Tyskland, den eine i slutten av oktober 1983 og den andre nokså nøyaktig tre år seinare. I den fyrste av desse kampane var broren Karl-Heinz Rummenigge vesttysk lagkaptein.

Langslags-statistikk TysklandÅrKamparmål198310198400198500198610Totalt20

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Michael Rummenigge» frå , den 5. august 2026.

eu-football National Football Teams

Kategori:Tyske fotballspelarar Kategori:Bayern München-spelarar Kategori:Borussia Dortmund-spelarar