Frank Grønlund () var ein norsk fotballspelar i Lillestrøm Sportsklubb. Han vann tre cupgull og to seriegull med Lillestrøm SK i tida 1976–1981.
Karriere Midtstoppar Grønlund var Lillestrøm-spelar frå 1970 til 1983. Fram til 1974 deltok klubben i 3. og 2. divisjon. Både i 1976 og 1977 vart Lillestrøm norsk seriemeister i fotball. Gjennom fem sesongar, 1977–1981, spelte Lillestrøm seg fram til fire cupfinalar og vann tre av dei; 1977, 1978, 1981.
Han spelte to landskampar i Noregs midtforsvar, fyrst VM-kvalifiseringskampen mot Ungarn i 1981 og seinare ein privatlandskamp mot Finland i 1982.
Grønlund var sesongane 1984 og 1985 spelande trenar i IK Skeid, åra 1987–1989 hadde han same rollene i tredjedivisjonsklubben Aurskog-Finstadbru.
Sidan 1991 arbeidde Grønlund i ymse posisjonar i Lillestrøm SK, mellom anna var han både formann og klubbdirektør.
Kjelder
Frank Grønlund i eu-football.info
Kategori:Norske fotballspelarar Kategori:Norske landslagsspelarar i fotball Kategori:Lillestrøm-spelarar Kategori:Skeid-spelarar