Hans Karolus Olsson Ommedal () var ein lærar og klokkar frå Hyen i Nordfjord, stortingsrepresentant for Kristeleg Folkeparti.
Ommedal var son til ein gardbrukar. Skulevinteren 1919/20 gjekk han ein kristenorientert folkehøgskule, og tok deretter eksamen ved Volda lærarskule i 1923. Han var så lærar ei kort tid i Gulen, og så i Lygra krins i Lindås. Frå 1927 til 1946 var han lærar i Alversund i Nordhordland. I Alversund var han medlem i formannskapet 1934-40 og ordførar 1945-46. I 1946 flytta han til Gloppen og var lærar i Vereide krins og klokkar i Vereide kyrkje. Han vart så skuleinspektør (skulesjef) i Gloppen i 1953, ei stilling han hadde til 1969. Klokkar var han til 1974.
Ved stortingsvalet 1953 vart Ommedal vald til å representere Sogn og Fjordane på Stortinget. Han høyrde til den konservative fløya i Kristeleg Folkeparti. Han vart attvald i 1957 og 1961, og sat såleis på Stortinget til 1965, heile tida som medlem i Kyrkje- og undervisningskomiteen.
Kjelder
Kategori:Stortingsrepresentantar for Sogn og Fjordane Kategori:Stortingsrepresentantar frå KrF Kategori:Stortingsrepresentantar 1954-1957 Kategori:Stortingsrepresentantar 1958-1961 Kategori:Stortingsrepresentantar 1961-1965 Kategori:Ordførarar i Alversund Kategori:KrF-ordførarar i Hordaland Kategori:Norske lærarar Kategori:Folk frå Gloppen Kategori:Folk frå Lindås