Nils Martinsson Kverneland () var ein norsk gardbrukar, skulestyrar og politikar frå Time i Rogaland. Han representerte Bondepartiet på Stortinget frå 1925 til 1945.
Kverneland var son til ein gardbrukar. Etter han hadde gjort ferdig amtsskolen i Jæren og Dalane i 1896, var han dei neste to åra elev ved landbruksskulen på Tveit i Ryfylke. Deretter gjekk han 1899-1901 jordbruksavdelinga og 1902 hagebruksavdelinga ved Noregs Landbrukshøgskule på Ås i Akershus. Seinare fekk han stipend til å studere småbruksdrift i Danmark og Sverige.
Frå 1902 til -11 underviste Kverneland på Jønsberg landbruksskule. I 1911 overtok han farsgarden og dreiv denne i om lag 20 år. Samstundes byrja han som andrelærar ved ein vinterlandbruksskule på Jæren. I 1919 vart han styrar ved vinterlandbruksskulen, ei stilling han hadde til 1942. Han var elles formann i mellom anna Jærens Potetmelfabrikker, i Rogalands Meierilag 1918-24 og Rogalands landbruksselskap 1923-34.
Kverneland var ordførar i Time i seks år, 1919-24. Ved stortingsvalet i 1924 vart han vald til å representere Rogaland og Bondepartiet på Stortinget. Med fire attval vart han verande stortingsrepresentant til 1945. Han var 1925-27 medlem i Tollkomiteen, 1928-30 i Næringskomiteen, 1931-33 sekretær i Sjøfarts- og fiskerikomiteen og frå 1934 medlem i Veg- og jarnbanekomiteen.
Kjelder
Kategori:Stortingsrepresentantar for Rogaland Kategori:Stortingsrepresentantar frå Sp Kategori:Stortingsrepresentantar 1925-1927 Kategori:Stortingsrepresentantar 1928-1930 Kategori:Stortingsrepresentantar 1931-1933 Kategori:Stortingsrepresentantar 1934-1936 Kategori:Stortingsrepresentantar 1937-1945 Kategori:Ordførarar i Time Kategori:Sp-ordførarar i Rogaland Kategori:Folk frå Time