«Spread Your Wings» er ein ballade av rockebandet Queen, gjeven ut i 1977 på albumet News of the World.Your Wings News of the World: Spread Your Wings (Track 5) Ultimate Queen. Henta 29. juni 2016 Han var skriven av bassisten John Deacon, og gjeven ut på singel med «Sheer Heart Attack» som B-side i 1978. Freddie Mercury spelar piano og vokal, Brian May spelar elektrisk gitar, Roger Taylor spelar trommer og John Deacon bassgitar. Ein konsertversjon av songen finst på albumet Live Killers frå 1979. Singelen nådde 34. plassen på singellista i Storbritannia.

Teksten skildrar ein ung, uroleg mann, Sammy, som arbeider på The Emerald Bar, der han kostar golvet. Forteljaren oppfordrar Sammy til å forfølgje draumane sine, og bed han om «spreie vengjene og fly av stad» (spread your wings and fly away).Spread Your Wings Allmusic. Henta 29. juni 2016

Medverkande Freddie Mercury - solovokal, piano Brian May - elektrisk gitar Roger Taylor - trommer John Deacon - bassgitar, akustisk gitar

Lister

+ Liste (1978) Plassering

Andre versjonar Songen vart spelt av det tyske power metal-bandet Blind Guardian i 1992 på albumet Somewhere Far Beyond. Den same innspelinga kom ut på The Forgotten Tales i 1996.

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Spread Your Wings» frå , den 29. juni 2016. oppgav desse kjeldene:

Bakgrunnsstoff

Tekst på den offisielle nettsida til Queen

Kategori:Queen-songar Kategori:Rockeballadar Kategori:Singlar frå 1978 Kategori:Songar skrivne av John Deacon Kategori:Songar produserte av Mike «Clay» Stone Kategori:Songar frå 1977 Kategori:EMI Records-singlar Kategori:Elektra Records-singlar Kategori:Hollywood Records-singlar