«Bicycle Race» er ein song av det britiske rockebandet Queen. Han vart gjeven ut i 1978 på albumet Jazz og var skriven av Freddie Mercury. Songen vart gjeven ut på singel som ei dobbel A-side med «Fat Bottomed Girls». Songen er kjend for musikkvideoen der mange nakne kvinner syklar i eit sykkelløp på Wimbledon Stadium. Videoen vart redigert eller bannlyst i fleire land.
Song og tekst Songen vart skriven av Mercury og var inspirert av den 18. etappen under Tour de France i 1978 som passerte Montreux der bandet spelte inn Jazz i Mountain Studios. Songen startar med eit uakkompagnert refreng. Refrenget vert etterfølgd av to vers knytte saman av eit mellomspel, og eit nytt refreng. I midten av sognen er det ein solo spelt med mange sykkelbjøller. Songen har ein uvanleg akkordprogressjon med fleire moduleringar, taktendringar (frå 4/4 til 6/8 og attende), og vokal og gitarharmoniar i mange lydspor.Queen Songs – The Book: Bicycle Race. Queensongs.info. Henta 30. juni 2016.
Teksten inneheld mange referansar til tida han vart skriven i, som religion, Watergate, narkotika, oppdikta heltar (Peter Pan, Frankenstein og Superman) og filmane Haisommer og Star Wars. Songen nemner skodespelaren John Wayne.
Brian May hevda at songen ikkje var sjølvbiografisk og at Mercury ikkje spesielt likte sykling. Trass i teksten var Mercury fan av Star Wars.
Songen refererer til «Fat Bottomed Girls» med tekstlinja «fat bottomed girls, they'll be riding today». Dei to songane vart gjene ut i lag som ei dobbel A-side.
Video
Videoen til songen var kjend for dei 65 nakne kvinnene, alle profesjonelle modellar, som syklar rundt på Wimbledon Greyhound Stadium. Han vart filma av Denis de Vallance. Gruppa leigde stadionet og mange syklar for ein dag, men då butikken var klar over at dei hadde blitt sykla på av mange nakne kvinner, kravde dei at gruppa kjøpte alle sykkelseta.. Den originale videoen nytta spesialeffektar for å skjule dei nakne kvinnene.Queen Promo Videos – Bicycle Race Ultimate Queen. Henta 3. september 2011
Medverkande Freddie Mercury - solo- og korvokal, piano, sykkelbjøller Brian May - elektrisk gitar, korvokal, sykkelbjøller Roger Taylor - trommer, korvokal, sykkelbjøller John Deacon - bassgitar, sykkelbjøller
Lister LandPlasseringDatoVeker på listaAustralia289AusterrikeQueen – Bicycle Race. austriancharts.at. Henta 30. juni 2016.21Jan 19794Canada.17Jan 197912TysklandDie ganze Musik im Internet: Charts, News, Neuerscheinungen, Tickets, Genres, Genresuche, Genrelexikon, Künstler-Suche, Musik-Suche, Track-Suche, Ticket-Suche . musicline.de. Henta 30. juni 2016.2711–18. des 197812Irland107New Zealand208NederlandQueen – Bicycle Race. dutchcharts.nl. Henta 30. juni 2016.525. nov – 2. des 197811Noreg79StorbritanniaQueen International Singles Chart Positions. Pcpki.com. Henta 30. juni 2016.Queen – Bicycle Race. Chart Stats. Henta 30. juni 2016.1125. nov – 9. des 197811USA Billboard 24Jan 197912USA Cash Box18Jan 197913
Andre versjonar Songen er òg spelt inn av Blümchen (1996) i ein versjon som samplar den originale songen. Upsilon Acrux (2002) på eit hyllestalbum til Queen Lemon Demon (2005) som bonusspor på Damn Skippy Be Your Own Pet (2005) på eit hyllestalbum til Queen Between the Buried and Me (2006) på albumet The Anatomy Of Mamas Gun (2011) som bonusspor på det andre albumet deira, The Life and Soul
Refrenget på songen vart sampla på «C'mon Let Me Ride» av Skylar Grey med Eminem.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Bicycle Race» frå , den 30. juni 2016. oppgav desse kjeldene:
Bakgrunnsstoff
Tekst på den offisielle nettsida til Queen
Kategori:Queen-songar Kategori:Singlar frå 1978 Kategori:Songar skrivne av Freddie Mercury Kategori:Songar om syklar Kategori:Songar produserte av Roy Thomas Baker Kategori:EMI Records-singlar Kategori:Elektra Records-singlar Kategori:Hollywood Records-singlar Kategori:Songar frå 1978 Kategori:Musikkvideoar regisserte av David Mallet