Tregmaur (Myrmecina graminicola) er ein maur i tregmaurslekta. Arten rører seg på ein roleg måte og spelar daud om han vert uroa.
Tregmaur lever i opne skoglysningar eller lune skogkantar, gjerne med buskar og kratt.
Tregmaur vart fyrst funnen i Noreg i 1983 på Ostøya. Seinare er han vorten vanleg over store område på Austlandet, mogelegvis grunna eit mildare klima.
Tregmaur liknar på skuggemaur i åtferd og noko på mørk sandmaur i utsjånad, men skil seg frå sistnemnde ved at tregmauren har kanta framhyrne på mellomkroppen.
Kjelder Tregmaur - Myrmecina graminicola av Frode Ødegaard, Arnstein Staverløkk og Jan Ove Gjershaug. Utgjeve av Norsk institutt for naturforskning. Referansar
Bakgrunnsstoff
Kategori:Broddmaur