Nansen er eit gammalt månekrater nord på månen, på austsida av nordpolen eller sida som vender vekk frå jorda. Ein kan sjå krateret langs kanten av månen frå jorda, og ein må sjå krateret frå bane rundt månen for å få nokre detaljar. I gunstig librasjonsforhold, kan ein sjå krateret med å finne krateret Baillaud, så følgje flata opp mot kanten.
Krateret er kraftig nedsliten og erodert av mindre nedslag og den ytre veggen er ujamn med fleire småkrater og hakk. Eit lite krater ligg langs nordkanten av Nansen, og ein liknande formasjon ligg langs den indre sørveggen. Ei rekkje småkrater ligg langs austsida.
Den indre botnen av Nansen har fleire haugar og er meir ujamn i nord, medan den sørlege delen er relativt flat.
Krateret er kalla opp etter Fridtjof Nansen.
Satellittkrater Til vanleg er desse identifisert på månekart med ein bokstav ved sidan av kratermidtpunktet som er nærast Nansen.
Nansen BreiddegradLengdegradDiameterA82.8° N63.0° E46 kmC83.2° N55.5° E34 kmD83.8° N64.0° E21 kmE83.3° N71.0° E15 kmF84.7° N60.0° E62 kmU81.6° N81.4° E16 km
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Nansen (lunar crater)» frå , den 2. juli 2016.
Månen Kategori:Ringfjell på månen