Christian Koren Wiberg, fullt namn Johan Christian Koren Wiberg (), var ein biletkunstnar, forfattar, arkeolog, kulturhistorikar og museumsmann i Bergen. Han har vore leiar av to av dei viktigaste kulturinstitusjonane i byen, Det Hanseatiske Museum (skipa av far hans, J. W. Olsen) og Bergens Kunsthåndverkskole (som seinare vart Kunsthøgskolen i Bergen), som han sjølv hadde skipa. I 1953 fekk han ein offentleg plass i Bergen oppkalla etter seg, Koren Wibergs plass, som tidlegare heitte Øvregatens allmenning.
Christian Koren Wiberg stod for arkeologiske utgravingar og dreiv kulturhistorisk forsking. I åra 1900–1921 gjennomførte han arkeologiske utgravingar på Bryggen i Bergen, der han avdekka leivningane av Peterskyrkja, og han fann òg vinkjellaren under det eldste rådhuset i byen. Kunnskapane sine om lokalhistoria gjorde han levande i sitt skjønnlitterære forfattarskap. I romanane Janicke Woltmann, Jomfru Pegelau og Thomas Ferdinand Sohlreder er dagleglivet i Bergen på 1700–talet skildra. Dessutan skreiv han skodespelet Clamer Eberhard, som vart synt på Den Nationale Scene i 1913.
Kjelder Bergen byleksikon
Litteratur Koren Wiberg, C.; Det tyske Kontor i Bergen: Tegninger med Beskrivelse, Bergen 1899 Koren Wiberg, C.; Bidrag til Bergens kulturhistorie, Bergen 1908 Koren Wiberg, C.; Bergensk kulturhistorie, Bergen 1921
Kategori:Folk frå Bergen Kategori:Norske sakprosaforfattarar Kategori:Norske romanforfattarar