Harrier Heiberg Mejer () var ein norsk tollar og stortingspolitikar.

Han var stortingsrepresentant for Finmarkens Amt i to periodar; 1818–1820 og 1827–1829. I første periode var han 1. representant, i andre 2. representant.

Mejer var først tilsett på rådstuskrivarkontoret i Bergen, seinare ved Finmarkens amtskontor. Han vart tollar i Hammerfest i 1811 og i Tromsø i 1823.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Harrier Heiberg Mejer» frå , den 6. juli 2016.

Kategori:Norske tollarar Kategori:Stortingsrepresentantar 1818-1820 Kategori:Stortingsrepresentantar 1827-1829 Kategori:Stortingsrepresentantar for Finnmark Kategori:Folk frå Voss