Rigel, med Bayernemninga Beta Orionis (β Ori, β Orionis), er den mest lyssterke stjerna i stjernebiletet Orion og den sjuande mest lyssterke stjerna på nattehimmelen, med tilsynelatande storleiksklasse 0,12. Sett frå jorda er ho i røynda eit trippeltsystem der primærstjerna (Rigel A) er ei blåkvit superkjempe med absolutt storleiksklasse −7,84 og kring 120 000 gonger så lyssterk som sola. Ho er ein Alfa Cygni-variabel, som pulserer periodisk. Rigel B er synleg i små teleskop og er i seg sjølv ei spektroskopisk dobbeltstjerne, som består av to blåkvite stjerner i hovudserien med spektralklasse B9.

Spektroskopiske estimat av avstanden til Rigel er mellom 700 og 900 lysår, medan parallaksemålingar frå Hipparcos-satellitten gav avstanden til å vere 860 lysår, med ein feilmargin på kring 9 %. Rigel A er ei blå superkjempe, med kring 21 solmassar, og skin kring 120 000 gonger kraftigare enn sola. Overflatetemperaturen hennar er kring 12 100 K.

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Rigel» frå , den 9. juli 2016.

Kategori:arabiske ord og uttrykk Orionis, Beta Kategori:Superkjemper klasse B Kategori:Hovudseriestjerner klasse B Kategori:Trippelstjerner Kategori:Orion Kategori:Alfa Cygni-variable Kategori:Stjerner med eigennamn Kategori:Objekt mindre enn 1000 lysår frå jorda