Filip Ingebrigtsen () er ein norsk friidrettsutøvar frå Sandnes som vart europemister på 1500 meter under EM i friidrett 2016 i Amsterdam. Han er medlem i Sandnes Idrettslag. Henrik Ingebrigtsen er hans eldre bror.

Aktiv Ingebrigtsen er mellomdistanseløpar og deltek også i terrengløp. I 2012-sesongen vart han norsk juniormeister på 1500 meter i Sigdal i juli månad, før han i august tok bronsemedalja på 800 meter under NM i friidrett 2012. Thomas Roth vann den nemnde 800-meteren, med Henrik Ingebrigtsen på sølvplass. Under NM i friidrett 2013 vart Filip Ingebrigtsen noregsmeister på 1500 meter. Seinare i 2013 var han med å vinne gull på 4 x 1500 meter stafett i stafett-NM 2013.

Ingebrigtsen deltok på 1500 meter under EM i friidrett 2014, men tida 3.41,06 var ikkje god nok til at han kvalifiserte seg til finalen. Ei veke etter europameisterskapen tok han sølvmedalja på 1500 m og bronsemedalja på 800 m under NM i friidrett 2014. I NM i friidrett 2015 kopierte han sølvmedalja på 1500 meter, slått av Snorre Løken.

Tidleg i juni 2016 forbetra Ingebrigtsen den personlege rekorden på 1500 m til 3.36,2 under eit stemne i Huelva. Under europameisterskapen i friidrett 2016 i Amsterdam, den 9. juli, spurta Ingebrigtsen frå alle konkurrentane på oppløpssida på 1500 meter og vann med tida 3.46,6. Storebror Henrik Ingebrigtsen fylgde opp med å spurte inn til bronsemedalje på tida 3.47,1, spanske David Bustos fekk sølv, tid 3.46,9.

Kjelder friidrett.no

Denne artikkelen bygger på «Filip Ingebrigtsen» frå , den 10. juli 2016.

Bakgrunnsstoff

Kategori:Norske mellomdistanseløparar Kategori:Norske terrengløparar Kategori:Europameistrar i friidrett for Noreg Kategori:Noregsmeistrar i friidrett Kategori:Norske deltakarar under sommar-OL 2016 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 2016 Kategori:Norske deltakarar under sommar-OL 2020 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 2020 Kategori:Deltakarar under EM i friidrett 2014 Kategori:Deltakarar under EM i friidrett 2016 Kategori:Deltakarar under VM i friidrett 2017 Kategori:Deltakarar under EM i friidrett 2018 Kategori:Deltakarar under VM i friidrett 2019 Kategori:Folk frå Sandnes