Anders Andersson Redal () var ein norsk bonde, politikar og haugianar. Han var frå Redalen i Vevring i Naustdal kommune. I ungdommen slutta Redal seg til Haugevenene i Sunnfjord og han reiste som emissær for haugerørsla i om lag 50 år, reisene betalte han med eigne midlar. Anders A. Redal skipa ei av landets første misjonsforeiningar i Vevring i 1844. Sjølv var han leiar for foreininga til 1894.
Redal skreiv salmar, songar, brev og andakter. Fleire av salme- og songtekstane hans er samla i "Nogle ord om mit pillegrims liv, og reiseminder i Morbærdalen", utgjeven av Ingolf Kvamen. Dei fleste av songtekstane med notar er også utgjeve som "Religiøse sange" i "Sogeskrift for Naustdal. 2005"
Anders Redal var ordførar i Vevring kommune 1858-1863.
Bibliografi Bøker
I tidsskrift - eit utval Lokalhistoriske artiklar Sogn og Fjordane
Kjelder Om Anders Redal i Allkunne Gravminner i Norge
Bakgrunnsstoff
Om Anders Redal i Lokalhistoriske artiklar Sogn og Fjordane
Kategori:Norske salmediktarar Kategori:Ordførarar i Vevring Kategori:Norske kristne predikantar Kategori:Forfattarar frå Naustdal