mini|Djimou med EM-gullet 2014 Antoinette Nana Djimou Ida () er ein kamerunsk-fransk tidlegare friidrettsutøvar frå Douala i Kamerun. Ho vann sjukampen i europameisterskapane 2012 og 2014.

Aktiv Djimou flytta til Frankrike tidleg i ungdomsåra. Ho byrja då med friidrett, men det var fyrst i 2009 ho vart lagt merke til. Etter at ho vart nummer tre i femkampen under innandørs-EM, kom ho same året på sjuandeplass i Berlin-VM med 6323 poeng.

I 2011 vann ho femkampen i innandørs-EM i Paris, og vart som i førre VM nummer sju i sjukampen. Under sommarleikane i London i 2012 gjorde ho sin aller beste sjukamp, men 6 576 heldt likevel ikkje til meir enn ein sjetteplass.

Våren 2013 forsvarte Djimou EM-tittelen i femkamp innandørs, og sommaren 2014 gjorde ho ein liknande prestasjonen då ho vann sjukampen under europameisterskapen i Zürich. Ho lukkast ikkje ta sitt tredje rake EM-gull i sjukamp under Amsterdam-EM i 2016, men 6 426 poeng gav henne ein sølvmedalje.

Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap EM 2006 i Göteborg: Nr 21 – 5 765 poeng VM 2007 i Osaka: Braut OL 2008 i Beijing: Nr 18 – 6 055 poeng VM 2009 i Berlin: Nr 7 – 6 323 poeng EM 2010 i Barcelona: Braut VM 2011 i Daegu: Nr 7 – 6 309 poeng EM 2012 i Helsinki: Gullmedalje – 6 544 poeng, framom Laura Ikauniece (6 335 p) OL 2012 i London: Nr 7 – 6 576 poeng VM 2013 i Moskva: Nr 8 – 6 326 poeng EM 2014 i Zürich: Gullmedalje – 6 551 poeng, framom Nadine Broersen (6 498 p) EM 2016 i Amsterdam: Sølvmedalje – 6 458 poeng, bakom Anouk Vetter (6 626 p) OL 2016 i Rio de Janeiro:Nr 11 – 6 383 poeng VM 2017 i London: Nr 16 – 6 064 poeng

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Antoinette Nana Djimou» frå , den 13. juli 2016.

Bakgrunnsstoff World Athletics

Kategori:Franske mangekjemparar Kategori:Europameistrar i friidrett for Frankrike Kategori:Franske deltakarar under sommar-OL 2008 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 2008 Kategori:Franske deltakarar under sommar-OL 2012 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 2012 Kategori:Franske deltakarar under sommar-OL 2016 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 2016