thumb|John Flamsteed var den første Astronomer Royal. Astronomar Royal er eit embete i det kongelege hushaldet i Storbritannia. Det finst to embetsinnehavarar, ein Astronomar Royal og ein Astronomar Royal for Scotland.

Embetet vart oppretta av Karl II av England den 22. juni 1675. Han hadde den 4. mars same år utnemnt John Flamsteed til «Kongens astronomiske observatør», og i juni beordra han bygginga av Royal Observatory Greenwich og oppretta det nye embetet formelt. Det skotske embetet vart oppretta i 1834.

Fram til 1972 var Astronomar Royal ex officio direktør for Royal Observatory Greenwich. Han får eit stipend på 100 pund i året; ein betydeleg sum då Flamsteed vart utnemnt men no berre ein symbolsk sum. Etter at ein fjerna direktørstillinga frå embetet har det først og fremst vore eit æresembete, rett nok med svært høg prestisje som vert tildelt den fremste britiske astronomen.

Det fanst tidlegare òg ein Royal Astronomar of Ireland.

Liste over Astronomers Royal John Flamsteed 1675–1719 Edmond Halley 1720–1742 James Bradley 1742–1762 Nathaniel Bliss 1762–1764 Nevil Maskelyne 1765–1811 John Pond 1811–1835 Sir George Biddell Airy 1835–1881 Sir William Christie 1881–1910 Sir Frank Dyson 1910–1933 Sir Harold Spencer Jones 1933–1955 Sir Richard van der Riet Woolley 1956–1971 Sir Martin Ryle 1972–1982 Sir Francis Graham-Smith 1982–1990 Sir Arnold Wolfendale 1991–1995 Martin Rees, Baron Rees of Ludlow 1995–

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Astronomer Royal» frå , den 15. juli 2016. oppgav desse kjeldene:

Kategori:Astronomers Royal Kategori:Britiske astronomar Kategori:Britiske embete