Hallgrim Berg () er ein norsk Høgre-politikar frå Ål i Buskerud. Han vart innvald på Stortinget frå Buskerud i 1981.

Berg var vararepresentant på Stortinget i periodane 1977–1981, 1981–1985 og 1997–2001. Hallgrim Berg har vore aktiv målmann i mange år, og sat i arbeidsutvalet til Noregs Mållag frå 1968 til 1970, og har vore leiar i Ål og Torpo Mållag. Han er gift med Maria Høgetveit Berg.

Hallgrim Berg er og ein god utøvar på munnharpe og seljefløyte, og ein god dansar. Han har gjeve ut fleire plater med tradisjonsstoff frå Ål, og skrive fleire bøker og artiklar om folkemusikken i Hallingdal (mellom anna ein utførleg biografi om spelemannen Odd Bakkerud).

Stortingskomitéar 1981–1985, 1985–1989 og 1989–1993: Medlem i Kyrkje- og undervisningskomitéen 1985–1989: Varamedlem i Valkomitéen 1989–1993: Medlem i Samferdslekomitéen 1993–1997: Medlem i Familie-, kultur- og administrasjonskomitéen

Bakgrunnsstoff Stortinget.no - Biografi

Kategori:Målfolk Kategori:Stortingsrepresentantar 1981-1985 Kategori:Stortingsrepresentantar 1985-1989 Kategori:Stortingsrepresentantar 1989-1993 Kategori:Stortingsrepresentantar 1993-1997 Kategori:Norske folkemusikarar Kategori:Folk frå Ål Kategori:Stortingsrepresentantar frå Høgre