Det felles europeiske rammeverket for språk er ei retningsline og nivåskala utarbeidd av Europarådet for å vurdere kunnskaps- og dugleiksnivået til språkstudentar i Europa etter ein felles standard, mellom anna til hjelp i arbeidet med å utvikle høvelege læremiddel tilpassa dei ulike nivåa. I aukande grad er dette rammeverket òg teke i bruk i land utanfor Europa.

Rammeverket gjer greie for dei ulike nivåa for både lese-, lytte-, snakke- og skriveferdigheitane. Skalaen er inndelt i tre hovudnivå, kvar av dei med to undernivå, til saman seks ulike nivå:

A – språkbrukar på grunnleggjande nivå A1 – begynnarnivå A2 – elementært nivå

B – sjølvstendig brukar B1 – mellomnivå B2 – høgare mellomnivå

C – kompetent språkbrukar C1 – avansert nivå C2 – språkleg dugleik nesten på nivå med ein morsmålsbrukar

Kategori:Språktileigning‎ Kategori:Standardar Kategori:Europarådet