One Year of Love er ein song av det britiske rockebandet Queen som opphavleg vart gjeven ut på det 12. studioalbumet deira A Kind of Magic i 1986.
Bakgrunn og komposisjon
Songen vart skriven av John Deacon og sungen av Freddie Mercury for filmen Highlander. På albumversjonen spelar John Deacon ein Yamaha DX-7 synth og strykeorkesteret vart dirigert av Lynton Naiff. Saksofonen vert framført av Steve Gregory, ein studiomusikar som tidlegare hadde spelt på George Michael sin «Careless Whisper» frå 1984.
Deacon valde å byte ut gitarpartia med ein saksofonsolo etter ein diskusjon med Brian May, som ikkje deltar på songen.
Utgjeving
Songen vart berre gjeven ut på singel i Frankrike og Spania og vert nytta i ein barscene i Highlander. Singelen gjekk berre inn på den franske singellista. B-sida til singelen var «Gimme the Prize (Kurgan's Theme)». I 1992 vart songen gjeven ut på ein promosingel i USA.
Bandet spelte aldri songen på konsertar.
Andre versjonar
Songen vart spelt av Elaine Paige på albumet hennar The Queen Album i 1988 og av den nederlandske songaren Stevie Ann i 2006.
Lister Land (1986)PlasseringFrankrike56
Medverkande Freddie Mercury - solo- og korvokal Roger Taylor - trommer, tamburin John Deacon - bassgitar, synthesiser, sampler, trommeprogrammering Steve Gregory - saksofon Lynton Naiff - strykearrangement
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «One Year of Love» frå , den 24. juli 2016. oppgav desse kjeldene:
Kategori:Queen-songar Kategori:Songar frå 1986 Kategori:EMI Records-singlar Kategori:Capitol Records-singlar Kategori:Hollywood Records-singlar Kategori:Songar frå filmar Kategori:Soulballadar