Johannes Ottersen Finstad () var ein gardbrukar og politikar frå Ski i Akershus.

Finstad var son til ein gardbrukar. Han tok agronomeksamen på storgarden Abildsø i Østre Aker i 1862. Etter nokre år som forpaktar av eit bruk i Kråkstad, kjøpte han i 1870 garden Sætre i Oppegård. Han dreiv den garden til han i 1878 fekk ta over garden Nordby i Ås herad i Akershus, farsgarden til kona hans.

Finstad var medlem 1870-78 av Nesodden heradsstyre og 1879-1906 av heradsstyret i Ås. Han var også forlikskommissær i mange år, heilt til han døydde på garden sin. Valperioden 1898-1900 var Finstad stortingsrepresentant frå Akershus, medlem i Militærkomiteen.

Kjelder Lindstøl, Tallak: Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914

Kategori:Stortingsrepresentantar 1898-1900 Kategori:Stortingsrepresentantar for Akershus Kategori:Norske gardbrukarar Kategori:Folk frå Ski Kategori:Folk frå Ås