«I'm Going Slightly Mad» er ein song av det britiske rockebandet Queen. Songen er skriven av Freddie Mercury, og vart gjeven ut som den andre singelen frå albumet Innuendo i 1991. Teksten og den tilhøyrande videoen syner songen som lunefull, humoristisk og munter.02-15-1991 LA Times «Innuendo» review, retrieved from the Queen archives at http://www.queenarchives.com/index.php?title=Queen_-_02-15-1991_-_Innuendo_-_LA_Times Songen inneheld ein slidegitarsolo av Brian May. Bassen til John Deacon er stemnt ned til ein låg H.
Singelomslaget er inspirert av ein illustrasjon av Grandville (i lag med dei andre frå albumet).
Video Den tilhøyrande videoen - som alle andre videoar frå Innuendo — var regissert av Rudi Dolezal og Rossacher frå DoRo Productions, og vart filma i februar 1991 i Limehouse Studios og syner bandet kledde ut med ein absurd oppførsel. Gitarist Brian May er kledd ut som ein pingvin,) trommeslagaren Roger Taylor har ein kokande tekjele på hovudet og syklar på ein trehjulsykkel medan Mercury snik seg inn på han og jagar etter han. John Deacon, bassisten var kledd ut som ein hoffnarr. Mercury har ein bananklase på hovudet (og syng mellom anna linja «I think I'm a banana tree»).
«I'm Going Slightly Mad» er den siste Queen-videoen med kunstnariske innspel frå Mercury. Sjølv om han var særs sjuk på denne tida på grunn av HIV-viruset som tok livet av han mindre enn eitt år seinare, var han særs mobil og uttrykksfull i videoen til «I'm Going Slightly Mad». Men utsjånaden hans var skral og han hadde på store mengder sminke for å gøyme flekkar i andletet og eit ekstra lag med klede for å skjule vekttapet sitt. Dette gjorde dei ikkje i «These Are the Days of Our Lives», den siste videoen Mercury nokon gong filma (i mai 1991), der han nesten ikkje rører seg, og han var enno dårlegare. Begge desse videoane vart filma i svartkvitt.
Medverkande Freddie Mercury - solo- og korvokal, klaverinstrument, piano, sampler Brian May - elektrisk gitar, slidegitar Roger Taylor - trommer, maracas, chimes John Deacon - bassgitar
Salslister Liste (1991)PlasseringVeker på listaDen nederlandske singellista209Den tyske singellista4210Irish Singles Chart192UK Singles Chart225
Kjelder Denne artikkelen bygger på «I'm Going Slightly Mad» frå , den 28. juli 2016. oppgav desse kjeldene:
Bakgrunnsstoff Tekst på den offisielle nettsida til Queen
Kategori:Queen-songar Kategori:Songar frå 1991 Kategori:Singlar frå 1991 Kategori:Parlophone-singlar Kategori:Songar skrivne av Freddie Mercury Kategori:Hollywood Records-singlar Kategori:Songar om sjukdom og lidingar