«You Don't Fool Me» er ein song av Queen frå 1995 på albumet Made in Heaven. Han vart gjeven ut som singel i 1996 med forskjellige remixar av songen. Songen er ein av få som faktisk vart skriven og innspelt etter Innuendo-innspelingane, og vart skriven av heile bandet, rettleia av David Richards. Han vart ein hit verda over og nådde toppen av singellista i Italia.

Bakgrunn «You Don't Fool Me» var ein av dei siste songane som vart spelte inn for albumet Made in Heaven og kom til på ein uvanleg måte. May har forklart på nettsida si at produsenten til bandet, David Richards, meir eller mindre skapte rammeverket for songen på eiga hand, med å setje saman bitar av vokalopptak gjort like før Mercury døydde. May har sagt at før Richard gjorde dette arbeidet, så var det ingen song å snakke om. Etter at Richards hadde redigert og miksa songen (mellom anna med klipp av harmonivokal innspelt for «A Winter's Tale»), presenterte han songen for dei andre medlemmane i bandet. Brian May, Roger Taylor og John Deacon la så på sine instrument og korvokal, og vart overraska over dei enda opp med ein ferdig song. Stilen på songen minnar om songar frå albumet Hot Space frå 1982.

Musikkvideo Videoen er sett til ein nattklubb der ein ung mann møter den tidlegare kjærasten sin og minner om det korte forholdet deira. Temaet i songen kunne ha vore eit framhald av sogene frå dei tidlegare Queen-songane «Play the Game» og «It's a Hard Life».

Medverkande Freddie Mercury - Solo- og korvokal Brian May - elektrisk gitar Roger Taylor - trommer, perkusjon, klaverinstrument, korvokal John Deacon - bassgitar

Innhald

Originalversjon CD-singel «You Don't Fool Me» (edit) — 3:54 «You Don't Fool Me» (album) — 5:25

CD maxi «You Don't Fool Me» (album) — 5:25 «You Don't Fool Me» (edit) — 3:54 «You Don't Fool Me» (Sexy Club Mix) — 10:18 «You Don't Fool Me» (Dancing Divaz Club Mix) — 7:07

12" maxi - Europa «You Don't Fool Me» (Sexy Club Mix) «You Don't Fool Me» (Dancing Divaz Club Mix) «You Don't Fool Me» (B.S. Project Remix) «You Don't Fool Me» (Dancing Divaz Instrumental club mix)

12" maxi - USA «You Don't Fool Me» (Freddy's Club Mix) — 7:02 «You Don't Fool Me» (album) — 5:24 «You Don't Fool Me» (Freddy's Revenge Dub) — 5:53 «You Don't Fool Me» (Queen for a Day mix) — 6:33

Somme amerikanske 12"-singlar inneheld ikkje albumversjonen.

Remixar CD-singel «You Don't Fool Me» (B.S. Project remix - edit) — 3:15 «You Don't Fool Me» (edit) — 4:40

CD maxi - berre Storbritannia «You Don't Fool Me» (album) — 5:24 «You Don't Fool Me» (Dancing Divaz Club Mix) — 7:05 «You Don't Fool Me» (Sexy Club mix) — 10:53 «You Don't Fool Me» (Late Mix) — 10:34

12" maxi - berre Storbritannia «You Don't Fool Me» (Dancing Divaz Club Mix) — 7:05 «You Don't Fool Me» (Late Mix) — 10:34 «You Don't Fool Me» (Sexy Club Mix) — 10:53 «You Don't Fool Me» (album) — 5:24

Kassettsingel (same songar på begge sider) «You Don't Fool Me» (album) — 5:24 «You Don't Fool Me» (Dancing Divaz Club Mix) — 7:05

Sexy Club Mix er nesten den same på alle format. Den britiske CD- og 12"-versjonen har oppført feil tid, 10:53, når han i røynda berre er 10:18 som dei andre formata. Den britiske CD-versjonen har ein mastering-feil og dei fire første sekunda er tapt, slik at tida er 10:14.

1995-remixar «B.S. Project Remix» (remix av M. Marcolin og Bob Salton) «B.S. Project Remix - Edit» (remix av M. Marcolin og Bob Salton) «Dancing Divaz [Instrumental] Club Mix» (remix av Dancing Divaz) «Dancing Divaz Rhythm Mix» (remix av Dancing Divaz) «Dub Dance Single Mix» (remix av David Richards) «Freddy's Club Mix» (remix av Freddy Bastone) «Freddy's Revenge Dub» (remix av Freddy Bastone) «Late Mix» (remix av David Richards) «Queen For A Day Mix» (remix av Freddy Bastone) «Queen Forever Megamix» (remix av Freddy Bastone) «Sexy Club Mix» (remix av Jam & Spoon)

«Queen Forever Megamix» inneheld vokalsamplingar frå fleire forskjellige Queen-songar, men ikkje «You Don't Fool Me». Han vart berre gjeven ut på ein avgrensa oransje promo-vinyl i Storbritannia.The complete list of all «You Don't Fool Me» remixes and their sources can be found on this Queenpedia.com article

Lister

Liste (1996)PlasseringDen austerrikske singellista"You Don't Fool Me», in various singles charts Lescharts.com (Henta 23. november 2008)23Belgia (Flandern)13Belgia (Vallonia)14Den nederlandske singellista21Den franske singellista14Den tyske singellistaDen tyske singellista Charts-surfer.de (Henta 23. november 2008)26Irish Singles ChartIrish Single Chart Irishcharts.ie (Henta 23. november 2008)23Den italienske singellista1Den svenske singellista52Den sveitsiske singellista27UK Singles ChartUK Singles Chart Chartstats.com (Henta 3. september 2008) 117

1 Remixar

Årslister (1996)PlasseringBelgia (Flandern)1996 Belgian (Flandern) Singles Chart Ultratop.be (Henta 23. november 2008)58Belgia (Vallonia)1996 Belgian (Vallonia) Singles Chart Ultratop.be (Henta 23. november 2008)70

Kjelder Denne artikkelen bygger på «You Don't Fool Me» frå , den 31. juli 2016. oppgav desse kjeldene:

Bakgrunnsstoff

Tekst på den offisielle nettsida til Queen

Kategori:Queen-songar Kategori:Singlar frå 1996 Kategori:Parlophone-singlar Kategori:Songar skrivne av Freddie Mercury Kategori:Songar skrivne av Roger Meddows-Taylor Kategori:Songar frå 1995 Kategori:Hollywood Records-singlar Kategori:Nummer-ein-singlar i Italia