«Love Kills» er ein song av Freddie Mercury, og den første songen han spelte inn som soloartist. Songen vart opphavleg nytta i Giorgio Moroder si utgåve frå 1984 av musikken til stumfilmen Metropolis frå 1927. I 1985 vart filmen nominert til verste filmmusikk ved Gullen Raspberry Awards, og sjølve songen vart nominert til verste song.Metropolis at the Internet Movie Database Singelen nådde uansett tiandeplassen på den britiske singellista.
«Love Kills» vart òg nytta under rulleteksten til filmen Loaded Weapon 1 i 1993. I 2009 vart ein versjon av den engelske synthpop-songaren Little Boots gjeven ut på EPane hennar, Little Boots og Illuminations. I 2014 omarbeidde Brian May og Roger Taylor ein tidlegare uutgjeven balladeversjon av songen for det nye samlealbumet Queen Forever, eit album som fokuserer Queen sine kjærleikssongar og balladar.
Innhald 7" singel
12"-singel
Queen-versjonen
Ein balladeversjon av songen, som ikkje tidlegare var gjeven ut, vart omarbeidd av Brian May og Roger Taylor for samleplata Queen Forever. Queen-versjonen er er ein nedstrippa balladeversjon, medan Mercury-versjonen har langt meir energirik. «Love Kills» vart opphavleg skriven for det ellevte Queen-albumet, The Works, men vart ikkje nytta.
Remixar «Love Kills (Wolf remix)» vart funnen på ein promo-CD som berre vart gjeve ut i USA i 1992. «Love Kills (Pixel '82 remix)» og «Love Kills (More Oder Rework by The Glimmers)» finst begge på den doble samleplata Lover of Life, Singer of Songs: The Very Best of Freddie Mercury Solo frå 2006. Fleire remixar av songen finst i 2006 på Love Kills (remix) på singlar i fleire land med forskjellige innhald: «Love Kills (Sunshine People Radio remix)» «Love Kills (Star Rider remix)» «Love Kills (Rank 1 Radio remix)» «Love Kills (Sunshine People Club remix)»
Medverkande på soloversjonen Freddie Mercury - vokal, synthesizerar Reinhold Mack - synthesizerar, programmering
Medverkande på Queen-versjonen Freddie Mercury - vokal Brian May - gitarar, klaverinstrument, bassgitar Roger Taylor - trommer John Deacon - gitarar
Lister Liste (1984–2006)Plasseringscope="row"scope="row"scope="row"scope="row"scope="row"scope="row"scope="row"scope="row"scope="row"
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Love Kills (Freddie Mercury song)» frå , den 1. august 2016. oppgav desse kjeldene:
Bakgrunnsstoff
Kategori:Singlar frå 1984 Kategori:Songar frå 1984 Kategori:Debutsinglar frå 1984 Kategori:CBS Records-singlar Kategori:Freddie Mercury-songar Kategori:Hi-NRG-songar Kategori:Little Boots-songar Kategori:Songar produserte av Giorgio Moroder Kategori:Songar produserte av Reinhold Mack Kategori:Songar frå filmar Kategori:Songar skrivne av Freddie Mercury Kategori:Songar skrivne av Giorgio Moroder