Marit Øiseth (), fødd Marit Hemstad, var ein norsk idrettsutøvar, fødd og død i Nord-Odal. Ho var aktiv i friidrett og langrenn, som skirennar var ho medlem i Mogutten Idrettslag.
Marit Hemstad var dotter til ein skogsarbeidar. 17 år gammal deltok ho i EM i friidrett 1946 i Oslo, der ho vart nummer fire på 200 med tida 25,7 sekundar.
Ho kom tilbake som Marit Øiseth og deltok i langrenn under Vinter-OL 1952 i Oslo. Her enda ho på sjuandeplassen på 10 km. Då den fyrste noregsmeisterskapen med kvinner i langrennssporet fann stad i 1955, hadde ho slutta å tevle.
Kjelder friidrett.no
Kategori:Norske diskoskastarar Kategori:Norske langrennsløparar Kategori:Norske deltakarar under vinter-OL 1952 Kategori:Langrennsløparar under vinter-OL 1952 Kategori:Folk frå Nord-Odal