Hotbed er ei samling av songar av Isaac Hayes, gjeven ut i 1978 av Stax Records. I 1974 vart Hayes frigjeven frå plate- og produksjonskontrakten han hadde med Stax. Han gav då ut albumet Chocolate Chip i 1975 på det nyoppretta selskapet Hot Buttered Soul, som han eigde sjølv, gjennom ABC Records. Samstundes valde hovudkvarteret i Stax å gje ut ei samling skrinlagde og stort sett ikkje-tidlegare utgjevne songar, truleg spelt inn tidleg i 1970-åra, kort tid før dei vart tvinga til å slå seg konkurs. Dette albumet fekk namnet Use Me. I 1978 tok Fantasy Records, som hadde kjøpt ut Stax, fire av dei fem songane frå Use Me albumet. Dei erstatta songen «Good Love 6-9969» med ein tidlegare uutgjeven instrumental kalla «Hobosac and Me». Medan Use Me sjeldan er å sjå i offisielle diskografiar av Isaac Hayes, er Hotbed som regel til stades. Songane på Hotbed har blitt noko remiksa, men det er ingen store skilnader mellom desse to.

Innhald

Medverkande Isaac Hayes - vokal, klaverinstrument Lester Snell - klaverinstrument Sammy Watts, Charles Pitts - gitar Sidney Kirk - klaverinstrument Errol Thomas, William Murphy - bass Jimmy Lee Thompson - congatrommer Willie Cole, Gary Jones - perkusjon Memphis Horns and String

Samplingar

«Use Me»«Use Me» på whosampled.com «When I See You Smile» (Deadly Avenger Remix) av Aldo Vanucci (2007) «I'm Gonna Have to Tell Her»«I'm Gonna Have to Tell Her» på whosampled.com «Mirror Sky» av Salute Da Kidd (2015) «The Ten Commandments of Love»«I'm Gonna Have to Tell Her» på whosampled.com «You Wanna» av 9th Wonder med N.B.S. (2007) «Feel Like Makin' Love»«Feel Like Makin' Love» på whosampled.com «Sto Già Pensando a Te» av Fritz Da Cat, Left Side og Sab Sista (1998) «Intro» av Spax (1998)

Kjelder http://stereocandies.blogspot.no/2011/10/issac-hayes-use-me-1975.html

Kategori:Musikkalbum frå 1978 Kategori:Isaac Hayes-album Kategori:Stax Records-album