«Twilight Zone» var den fjerde singelen til Iron Maiden, og vart gjeven ut den 2. mars 1981. Songen kom ikkje ut på den originale utgåva av albumet Killers i februar, men kom med på den amerikanske utgåva som kom i juni det året, og sidan på den internasjonale nymastra utgåva frå 1998. Då «Twilight Zone» kom ut var han den mest suksessrike singelen deira til då, med ein 31. plass på UK Singles Chart. Det var den første singelen til bandet med gitaristen Adrian Smith. I plateboksen frå 1990, The First Ten Years, er songen på same CD og 12"-vinyl som den førre singelen, «Women in Uniform».

Historie

«Twilight Zone» vart ikkje gjeven ut på album i Storbritannia, men kom med på den nordamerikanske versjonen av Killers og som bonusspor på den japanske utgåva, då feilaktig kalla «Details of Twilight Zone». Dette kom av at bandet sendte ein telex som forklarte songen for det japanske selskapet sitt, med overskrifta «Details of Twilight Zone», som dei mistolka som namnet på songen. Han vart gjeven ut ein månad etter albumet, under den britiske turneen deira. Songen var opphavleg meint som ei B-side til songen «Wrathchild», men bandet følte songen var sterk nok til at han kunne bli A-sida. Den andre songen på singelen, «Wrathchild», fekk òg status som A-side, i følgje Steve Harris, «me hadde eit konsertopptak av oss som gjer 'Wrathchild' ved Rainbow, før jul, på video som me kunne bruke. Me hadde ikkje råd til å betale for ein ny video for 'Twilight Zone', så me gav ut ei dobbel A-side, fordi me visste at me kom til å turnere mykje, og om dei ønskte oss på Top of the Pops igjen, så hadde me i det minste ein video for 'Wrathchild' me kunne gje dei.»

Som dei to førre singelomslaga, vart omslaget til «Twilight Zone» kritisert i pressa, der det vart tolka som «unødvendig mannssjåvinistisk.» Media mislikte korleis bandmaskoten, Eddie, spionerte på ei ung jente på soverommet hennar. Garry Bushell meiner kritikken var feil, sidan songteksten og bilete av toalettbordet til jenta indikerer at Eddie er død og prøver å kontakte kjærasten sin («Charlotte») frå grava, og at derfor er den første kjærleikssongen til bandet.

Innhald 7"-singel

Medverkande Henta frå 7"-singelen. Iron Maiden Paul Di'Anno – solovokal Dave Murray – gitar Adrian Smith – gitar Steve Harris – bassgitar Clive Burr – trommer Produksjon Iron Maiden – produsent («Twilight Zone») Martin Birch – produsent, lydteknikar («Wrathchild») Nigel Hewitt – lydteknikar («Twilight Zone») Derek Riggs – illustrasjon

Lister

Singel Liste (1981) Plassering Album «Twilight Zone» UK Singles Chart 31Killers Singel Liste (1990) Plassering Album «Women in Uniform / Twilight Zone" UK Albums ChartNyutgjeving av begge singlane som ein del av The First Ten Years. Strekte seg over tidsgrensa til UK Singles chart. 10 —

Fotnotar

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Twilight Zone (Iron Maiden song)» frå , den 22. august 2016. oppgav desse kjeldene:

Bakgrunnsstoff

Kategori:Songar frå 1980 Kategori:Singlar frå 1981 Kategori:Iron Maiden-songar Kategori:Songar skrivne av Steve Harris