Alf Bertel Storskrubb () var ein finsk friidrettsutøvar frå Jakobstad. Han vart europameister 1946 på 400 meter hekk.
Aktiv Storskrubb var ein allsidig idrettsutøvar; i 1945 var han med på laget som vann det finske handballsmeisterskapen. Best gjorde han det likevel som friidrettsutøvar på øvingane 400 meter, 800 meter og 400 meter hekk.
Storskrubb vann gullmedaljen på 400 m hekk under EM i friidrett 1946 med tida 52,2 sekundar, hans personlege rekord i øvinga. Same året fekk han notert 1.49,3 på 800 meter ved eit stemne i Malmö, årsbeste i verda og finsk rekord i ti år.
To år etter EM-triumfen var han ankermann for det finske mannskapet som enda på fjerdeplass i 4 x 400 meter stafett under sommarleikane 1948 i London. Han rauk ut or langhekk-tevlinga i semifinalane.
Storskrubb vann 24 individuelle finske meiterskap og i tillegg 10 stafettmeisterskap.
Han døydde i Helsingfors.
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Bertel Storskrubb» frå , den 24. august 2016.
World Athletics
Kategori:Finske hekkeløparar Kategori:Finske deltakarar under sommar-OL 1948 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 1948 Kategori:Europameistrar i friidrett for Finland