Melodi Grand Prix 1960 var den første utgåva av Melodi Grand Prix, Noregs nasjonale uttaking til Eurovision Song Contest. Finalen blei send på radio og fjernsyn frå Store Studio 20. februar 1960, eit halvt år før den offisielle opninga av fjernsynet i Noreg. Konkurransen blei arrangert av NRK, og vinnaren fekk representere Noreg i den internasjonale finalen i London. Vinnaren av konkurransen blei songen «Voi Voi», sungen av Nora Brockstedt og skriven av Georg Elgaaen. I den internasjonale finalen kom «Voi Voi» på ein delt 4. plass med 11 røyster, Noregs beste plassering fram til 1966.

Sendinga Hausten 1959 lyste NRK ut ein konkurranse der profesjonelle musikarar og amatørar blei oppmoda om å sende inn songar til meloditevlinga Melodi Grand Prix. 303 bidrag kom inn, og ein jury samansett av Øivind Bergh, Erik Diesen, Otto Nielsen og Leif Rustad, silte dei innsende bidraga ned til elleve.«Schlager-semifinalen kringkastes ikveld». Aftenposten. 4. februar 1960. s. 4.

Dei elleve låtane blei så framførte av Jens Book-Jenssen og Inger Jacobsen i ein radiosend semifinale 4. februar, der dei seks beste gjekk vidare til finalen laurdag 20. februar.Jostein Pedersen. «Absolutt Grand Prix, Volum 1». Finalen var i all hovudsak lagd opp som ei radiosending, sidan svært få nordmenn hadde fjernsyn på denne tida. Finalen blei likevel overført som prøvesending på fjernsyn, eit halvt år før den offisielle opninga av fjernsynet i Noreg.

Erik Diesen leidde finalen frå Store Studio, mens Odd Grythe rapporterte direkte frå nabostudioet, der juryen sat. Kringkastingsorkestret spelte dei seks finalemelodiane under leiing av Øivind Bergh.

Resultatet i finalen Nr.TittelArtistKomponistTekstforfattarPoengPlass 1 «Ny smart hatt» Torhild Lindal Andreas BergJuul Hansen 79 2 2 «Lille Lilli-Ann fra Lillesand» Egil Ellingsen Andreas BergJuul Hansen 64 5 3 «En drøm er alt» Siss Hartmann Ole Bråten og Birger BråtenTorleif Holm 79 2 4 «Et sommereventyr» Elisabeth Granneman Arne Larsen 74 4 5 «Frøken Alfabet» Per Müller Ernst AasOddvar Eika 59 6 6 «Voi Voi» Nora Brockstedt Georg Elgaaen 94 1

Røysting i finalen Ein jury på tolv personar, blant dei to tilfeldig utvalde publikummarar frå Store Studio, dømde kvar song frå 1 til 10 poeng.«Refleksjoner om en finale». Aftenposten. 22. februar 1960. s. 7. Under røystinga sat jurymedlemmane bak ein vegg og synte røystene sine gjennom hol i veggen. Dette blei gjort for å hindre at jurymedlemmane skulle bli påverka av kvarandre. Resultatet blei som følgjer:«1960 – Oslo (arkivert side)». OGAE Norway. Besøkt 26. august 2016. Nr.Tittel1.2.3.4.5.6.7.8.9.10.11.12.Totalt1«Ny smart hatt»676977765658792«Lille Lilli-Ann fra Lillesand»464856556483643«En drøm er alt»934797568975794«Et sommereventyr»4647867510584745«Frøken Alfabet»334564447676596«Voi Voi»7768109989105694 Ny runde for å skilje dei to songane som kom på delt andreplass: Nr.Tittel1.2.3.4.5.6.7.8.9.10.11.12.Totalt1«Ny smart hatt»97101061010109549993«En drøm er alt»10359109691079592 Jurymedlemmar: 1. Kolbjørn Ofstad, 2. Håkon Tveten, 3. Jacob Dybwad, 4. Thorleif Østereng, 5. Jens Gunderssen, 6. Bjørn Woll, 7. Carl Solberg, 8. Rolf Syversen, 9. Otto Nes, 10. Asbjørn G. Holmen – og publikumsmedlemmene 11. Helge Fikstad og 12. Astrid Hanevold.

Resultatet i semifinalen Semifinalen blei send på radio 4. februar med Erik Diesen som programleiar. Ein ekspertjury på ti personar røysta, og kvar medlem gav frå 1 til 5 poeng til kvar song. Dei seks beste gjekk vidare til finalen.«'Voi Voi' for en slagersamling!». Verdens Gang. 5. februar 1960. s. 6.«Norwegian Semi-Final 1960». Eurovision Song Contest National Finals Page.  Nr.TittelArtistPoengPlass1«Månen tur-retur»Jens Book-Jenssen17112«Den dag du kommer»Inger Jacobsen2773«Et sommereventyr»Inger Jacobsen3234«Frøken Alfabet»Jens Book-Jenssen2845«En drøm er alt»Inger Jacobsen2846«En aften igjen»Inger Jacobsen2587«Det blir sol hvor vi seiler»Jens Book-Jenssen2198«Ny smart hatt»Inger Jacobsen3529«Voi Voi»Inger Jacobsen43110«En bukett anemoner»Jens Book-Jenssen21911«Lille Lilli-Ann fra Lillesand»Inger Jacobsen284

Hendingar På førehand hadde NRK gjort det klart at den som song vinnarlåta i den norske finalen, ikkje nødvendigvis skulle representere Noreg i London. Til slutt bestemde NRK at Nora Brockstedt likevel skulle få æra av å bli Noregs første representant i Eurovision Song Contest.Hjorthen og Kjølleberg, Ingeborg Rygh og Even (19. februar 2010). «Grand Prix-sirkusets første år». nrk.no.

Komponistane og tekstforfattarane blei haldne hemmelege til etter at vinnaren var kåra, dette for å unngå at juryen skulle la seg påverke av kven som hadde skrive songane. Hemmeleghaldet var vanleg praksis i tevlinga på 1960-talet, og det var først i 1971 at komponistane blei kjende før ein norsk finale.

Vinnarmelodien blei ein stor slager og låg ni veker på VG-lista med ein 5. plass som høgaste notering.«VG-lista for 'Voi Voi'». Verdens Gang. Besøkt 24. august 2016. «Voi Voi» kan i dag karakteriserast som ein evergreen i norsk Melodi Grand Prix-historie. Tittelen på songen seiast å vere samisk for hei hei, men det er òg finsk for au då.«voi voi på norsk bokmål». Glosbe – den flerspråklige online ordbok. Besøkt 26. august 2016. Det skulle gå 20 nye år før eit samisk språk blei brukt i ein vinnarlåt, då «Sámiid ædnan» vann den norske finalen i 1980.

Fotnotar

Kategori:Melodi Grand Prix Kategori:Melodi Grand Prix 1960-songar Kategori:Hendingar i 1960 Kategori:1960 i Noreg