__NOTOC__ Ardenna er ei biologisk slekt av sjøfuglar og medlem av stormfuglfamilien, Procellariidae.

mini|høgre|Storlire, Ardenna gravis Denne slekta samlar sju mellomstore lirer. Desse artane var lenge ein del av slekta Puffinus, men på bakgrunn av funn etter fylogeniske analysar av mitokondrium-DNA, vart artane splitta ut til si eiga slekt Ardenna. Ein nemnd skildnad i morfologi mellom dei to slektene er ein tendens til større naseborrøyr ved nebbrota hos Ardenna-artane enn hos mange Puffinus-artar.

Allereie i 1853 gjorde Ludwig Reichenbach framlegg om denne slekta, likevel blei namnet første gongen brukt så tidleg som i 1603 til å referere til ein spesifikk sjøfuglart.

Som andre lirer flyg Ardenna-lirer med stive venger, og brukar ein teknikk for å segle over bølgjefrontar som krev eit minimum av aktiv flyging. Mange er langdistansemigrantar, kanskje mest spektakulærte er grålira og smalnebblira som utfører trekk på 14 000 km eller meir kvart år.

Artane i Ardenna i rekkjefølgje etter EBird/Clements Checklist v2016 med norske namn etter Norske navn på verdens fugler:

Chilelire, Ardenna creatopus, Pink-footed Shearwater, Coues, 1864, (VU) Lysbeinlire, Ardenna carneipes, Flesh-footed Shearwater, Gould, 1844, (LC) Storlire, Ardenna gravis, Great Shearwater, O'Reilly, 1818, (LC) Kilehalelire, Ardenna pacifica, Wedge-tailed Shearwater, Gmelin, 1789, (LC) Grårygglire, Ardenna bulleri, Buller's Shearwater, Salvin, 1888, (VU) Grålire, Ardenna grisea, Sooty Shearwater, Gmelin, 1789, (NT) Smalnebblire, Ardenna tenuirostris, Short-tailed Shearwater, Temminck, 1835, (LC)

Kjelder Referansar

Bakgrunnsstoff

Kategori:Stormfuglfamilien Kategori:Fugleslekter