Fulufjellet nasjonalpark er ein norsk nasjonalpark som ligg i eit lågfjellsområde i Trysil kommune i Hedmark, på austsida av Ljøraelva mot grensa til Sverige. Parken vart oppretta i 2012 for å «bevare et stort naturområde som inneholder særegne, representative økosystem som er uten tyngre naturinngrep, herunder artsfattig fjellvegetasjon og artsrik barskog.»Lovdata.no: Verneforskriftenregjeringen.no Fulufjellet nasjonalpark er oppretta, pressemelding 26.4.2012 Han dekker eit område på 83 km².
mini|venstre|Kartet viser den norske Fulufjellet nasjonalpark og den svenske Fulufjällets nasjonalpark på kvar si side av riksgrensa. Nasjonalparken grensar opp mot den langt større Fulufjällets nasjonalpark i Sverige, som vart skipa i 2002, og til Fregn naturreservat som vart oppretta samtidig med den norske nasjonalparken.regjeringen.no Vernekart FulufjelletLovdata.no: Verneforskriften for Fregn
Geografi Den svenske og den norske nasjonalparken består av eit samla fjellplatå med omliggjande daler og sider. På norsk side er platået delt i tre delar av dei to elvene Bergåa og Gira som skjer seg inn i platået.
Området omfattar særprega kvartærgeologiske førekomstar og høgareliggande urskogprega barskog med eit stort naturmangfald.
Langs fjellsidene og på høgder og toppar finst det både gran- og furuskog, bekkekløfter og rasmarker med høge naturverdiar. Vegetasjonen i snaufjellet er lite variert og området representerer, både nasjonalt og internasjonalt, ein ekstremt artsfattig fjellvegetasjon. Området Storgnollen-Steinknøsen-Furuknøsen har landskapsmessige og kvartærgeologiske verdiar.regjeringen.no Kongelig resolusjon: Verneplan for Fulufjellet nasjonalpark og Fregn naturreservat i Trysil kommune, Hedmark fylke Kombinasjonene av variert topografi med store høgdeforskjellar, blokkmark og gjel/nedskjeringar gjer området Storgnollen–Steinknøsen–Furuknøsen særskild interessant.regjeringen.no Direktoratet for naturforvaltning: faktaark, Fulufjellet
Plante- og dyreliv Fjella er stort sett dekka av heivegetasjon dominert av dvergbuskar, gras, starr og siv. Det meste av skog i området er gran og furu. Delar av skogen har urskogpreg med rikt artsmangfald. Det er funne mange sjeldne lav- og soppartar i nasjonalparken.
Bjørn er ein karakterart i området, men det finst også ulv, jerv og gaupe her. Fuglelivet er prega av tiur, orrfugl, jerpe og rype.
Forvalting og bruk av området Området vert mykje brukt til jakt, fiske og friluftsliv, og det er opning for dette i vernevedtaka. Forvaltinga av parken er lagt til eit lokalt nasjonalparkstyre.
Galleri
Kjelder
Kategori:Nasjonalparkar i Noreg Kategori:Geografi i Trysil Kategori:Verneområde i Innlandet Kategori:Verneområde oppretta i 2012