«The Angel and the Gambler» er ein song av Iron Maiden frå albumet Virtual XI som vart gjeven ut i 1998. Singelen kom ut to veker før Virtual XI.

Oversyn Det var den første Iron Maiden-singelen med ein video som B-side. Singelen inneheld to lydspor med konsertopptak frå Kåren i Gøteborg i Sverige i 1995 på «The X Factour»-turneen.

Bandet gav òg ut ein musikkvideo, som inneheldt ein forkorta versjon av songen. Videoen er nesten i Star Wars-stil og består av ei heilt dataskapt verd med romvesen av forskjellig kvalitet. Videokonseptet, særleg Blaze som går inn i ein bar med ein brun hatt og lang frakk, var i same stil som omslaget til Somewhere in Time, spesifikt singelen «Stranger in a Strange Land».

Singelen vart gjeven ut i fire versjonar: CD 1 kom med ein plakat og «Virtual XI Fixture List 1998» på den eine sida og bandet i Maiden si fotballdrakt med somme av favorittspelarane deira på den andre sida. CD 2 inneheld tre kort der musikarane poserer i fotballdrakt og inneheld ein forkorta versjon av «The Angel and the Gambler». Den tredje var ei 7" biletplate og den fjerde ein CD maxi-singel med begge B-sidene.

B-sider 7" biletplata hadde ein konsertversjon av «Blood On The Worlds Hands» som B-side. Cd 1 hadde òg «Blood On The Worlds Hands» og «Afraid to Shoot Strangers». Cd 2 hadde ein konsertversjon av «The Aftermath» og videoen til «Man on the Edge». Maxi-singelen hadde begge konsertopptaka, men berre videoen til «Afraid to Shoot Strangers».

Innhald 7" biletplate

«The Angel & The Gambler» (forkorta versjon) (Steve Harris) - 6:05 «Blood on the World's Hands (live - Karen i Gøteborg i Sverige 1. november 1995)» (Harris) - 6:07

CD part 1

«The Angel & the Gambler» (full albumversjon) (Harris) – 9:56 «Blood on the World's Hands» (live - Karen i Gøteborg i Sverige 1. november 1995) (Harris) - 6:05 «Afraid to Shoot Strangers» (konsertvideo) (Harris)

CD part 2

«The Angel & the Gambler» (forkorta versjon) (Harris) – 6:05 «The Aftermath» (live - Karen i Gøteborg i Sverige 1. november 1995) (Harris, Blaze Bayley, Janick Gers) – 6:45 «Man on the Edge» (konsertvideo) (Bayley, Gers) – 4:12

CD Maxi-Single

«The Angel & the Gambler» (forkorta versjon) (Harris) – 6:05 «Blood on the World's Hands» (live - Karen i Gøteborg i Sverige 1. november 1995) (Harris) - 6:05 «The Aftermath» (live - Karen i Gøteborg i Sverige 1. november 1995) (Harris, Bayley, Gers) – 6:45 «Afraid to Shoot Strangers» (konsertvideo) (Harris)

Medverkande Henta frå singelomslaget: Iron Maiden Blaze Bayley – solovokal Dave Murray – gitar Janick Gers – gitar Steve Harris – bassgitar, klaverinstrument, produsent, miksing Nicko McBrain – trommer Produksjon Nigel Green – miksing («The Angel and the Gambler») Synthetic Dimensions – illustrasjon på omslaget Hugh Gilmour – layout

Lister Liste (1998) Plassering Den nederlandske singellista 52 Den finske singellista 3 Den tyske singellista 61 Sverigetopplistan 29 UK Singles Chart 18

Kjelder Denne artikkelen bygger på «The Angel and the Gambler» frå , den 2. september 2016. oppgav desse kjeldene:

Kategori:Iron Maiden-songar Kategori:Singlar frå 1998 Kategori:Songar skrivne av Steve Harris Kategori:EMI Records-singlar Kategori:Songar frå 1998