Melodi Grand Prix 1980 var den 20. utgåva av Melodi Grand Prix, Noregs nasjonale uttaking til Eurovision Song Contest. NRK inviterte ti komponistar til å sende inn bidrag til finalen 22. mars 1980. Vinnaren blei «Sámiid ædnan», framført av Sverre Kjelsberg og Mattis Hætta. Låten er komponert av Kjelsberg, med tekst av Ragnar Olsen. I den internasjonale finalen i Haag enda bidraget på 16. plass med 15 poeng.

Sendinga I motsetnad til året før, satsa NRK dette året på eit langt meir ekstravagant show. Den opne konkurransen blei droppa, og i staden inviterte NRK ti landskjende komponistar innan ulike sjangrar. Blant låtskrivarane og artistane var kjende namn som Anita Skorgan, Jahn Teigen, Ole Paus, Åge Aleksandersen, Henning Sommerro og Jan Eggum.

Noregs til då best plasserte Eurovision-deltakar, Åse Kleveland, leia finalen frå Studio 2 i NRK Marienlyst. Dei ti bidraga blei akkompagnerte av eit 36-mannsorkester spesielt samansett for tevlinga. Orkesteret blei leia av Egil Monn-Iversen. Som pauseinnslag framførte Kleveland vinnarbidraget sitt frå 1966, «Intet er nytt under solen».

Også dette året var det ein fagjury på ni medlemmar som kåra vinnaren. Avstemminga blei den mest spennande nokon gong i Melodi Grand Prix. Til slutt stod to bidrag att på toppen, kvar med 61 poeng: «Bjørnen sover» og «Sámiid ædnan». Etter ein ny røysteomgang mellom dei to vinnarane vann «Sámiid ædnan» marginalt med 5–4.

For første gong brukte NRK ei digital poengtavle. Ho blei oppdatert og styrt av datamaskinen «Petra».

Resultat Poengsummane til «Bjørnen sover» og «Sámiid ædnan» inkluderer òg poenga frå andre røysterunde. Nr.TittelArtistKomponist og tekstforfattarPoengPlass A «Stjerneskudd» Anita Skorgan Anita Skorgan og Philip A. Kruse 48 6 B «Ja» Jahn Teigen Jahn Teigen og Herodes Falsk 32 9 C «Parken» Radka Toneff Radka Toneff og Ole Paus 43 8 D «Bjørnen sover» Åge Aleksandersen og Sambandet Åge Aleksandersen 65 2 E «Maestro» Hilde Heltberg Arne Schulze og Asbjørn Krogtoft 32 9 F «Auståvind» Henning Sommerro Henning Sommerro og Jørgen Gravvold 45 7 G «Univers» Alex Svein Gundersen 58 3 H «Rudi» Nina Askeland Jan Eggum 58 3 I «Svart fortid» Inger Lise Rypdal Ketil Bjørnstad 57 5 J «Sámiid ædnan» Sverre Kjelsberg og Mattis Hætta Sverre Kjelsberg og Ragnar Olsen 66 1

Avstemming Juryen bestod av ni fagfolk som sat i Studio 4. Kvar jurymedlem rangerte dei ti låtane frå 1 til 10 poeng. Til slutt stod to bidrag att på topp med 61 poeng, dermed måtte dei ni dommarane røyste på nytt ved å gi ei røyst til den av dei to dei likte best.«Melodi Grand Prix 1980 – norsk finale». Norsk rikskringkasting. 22. mars 1980. Besøkt 25. juli 2016. Nr. Tittel Ulf Dalheim Kari Diesen d.y. Ivar Dyrhaug Eli Hennestad Høyland Rune Larsen Lillebjørn Nilsen Kari Stokke Magni Wentzel Kjell Winther TotaltA«Stjerneskudd»73487527548B«Ja»95314111732C«Parken»161041269443D«Bjørnen sover»810859832861E«Maestro»32275354132F«Auståvind»44528496345G«Univers»1011969481058H«Rudi»576102685958I«Svart fortid»297637710657J«Sámiid ædnan»68931010103261

Ny avstemmingNr. Tittel Ulf Dalheim Kari Diesen d.y. Ivar Dyrhaug Eli Hennestad Høyland Rune Larsen Lillebjørn Nilsen Kari Stokke Magni Wentzel Kjell Winther TotaltD«Bjørnen sover»11 1 14J«Sámiid ædnan» 1 1111 5

Hendingar For første gong inneheldt ein Melodi Grand Prix-vinnar samisk joik. Tittelen er også samisk og tydar «samisk jord», og teksten handlar om samefolkets politiske kamp for større sjølvstyre og sveltestreiken utanfor Stortinget i samband med Altasaken. «Sámiid ædnan» har etter kvart blitt ein av dei mest kjende vinnarmelodiane i Melodi Grand Prix, med eit refreng som dei fleste vaksne nordmenn kan hugse. I 2010 kåra NRK bidraget til den mest minnerike augeblinken i Melodi Grand Prix.Riise, Hege Bakken (6. mars 2010). «Topp 10 mest minneverdige MGP-øyeblikk». nrk.no.

Rett etter den norske finalen hagla plagiatskuldingane mot vinnarmelodien. I eit intervju med VG sa 15-åringen Isak Mattis Triumf at han fekk den same joiken i dåpsgave, men Mattis Hætta nekta for at han hadde stole nokon andre sin joik.Bakkemoen, Kurt (27. mars 1980). «– Joiken er min, sier Isak Mattis Triumf». Verdens Gang. s. 11.«Hætta: Jeg har ikke plagiert». Verdens Gang. 25. mars 1980. s. 34. Skuldingane blei heller ikkje tekne til følgje av NRK, og «Sámiid ædnan» drog til Haag for å representere Noreg.

For første gong på mange år var også pressa positiv etter finalen. VG rosa både programleiaren, sendinga og røystinga, og skreiv at «denne gang hadde man følelsen av å få et tverrsnitt av dagens lette musikkliv i Norge på godt og vondt».Christensen, Jon (24. mars 1980). «TV i helgen: Bedre enn fryktet». Verdens Gang. s. 41. Aftenposten meinte rett låt vann og kalla finalen «den beste på flere år.»Levin, Mona (24. mars 1980). «Melodi Grand Prix: Bestemann vant!». Aftenposten. s. 7. Den svenske komponisten Stikkan Anderson meinte «Sámiid Ædnan» var den riktige vinnaren og spådde Noreg ein høg plassering i Haag.Talén og Fure, Bjørn og Reidar (24. mars 1980). «Frelsesarmé-stilen vil vekke oppsikt». Verdens Gang. s. 39. Også under Eurovision Song Contest 1980 var det stor merksemd omkring det norske bidraget, og internasjonal presse følgde dei norske deltakarane tett.Bakkemoen, Kurt (18. april 1980). «100 journalister sang «Samiid Ædnan»». Verdens Gang. s. 35. Europas juryar var ikkje like imponerte, «Sámiid Ædnan» blei berre nummer 16 av 19.

I 2006 kåra også NRK finalen i 1980 til den beste nokon gong.Sivertsen, Eirik (24. november 2006). «– Tidenes norske finale!». NRK.no.

Fotnotar

Kategori:Melodi Grand Prix Kategori:Melodi Grand Prix 1980-songar Kategori:Hendingar i 1980 Kategori:1980 i Noreg