Zuzana Hejnová () er ein tsjekkisk tidlegare friidrettsutøvar frå Liberec som spesialiserte seg på 400 meter hekk. Ho vart verdsmeister i øvinga i 2013 og forsvarte meistertittelen i 2015, og i 2012 vann ho bronsemedaljen under dei olympiske sommarleikane i London. Hejnová sin personlege rekord på 52,83 sekundar er frå Moskva-VM 2013.

Aktiv Hejnová sette personleg rekord på langhekken med 54,96 sekund i 2008 og flytta den til 54,90 i 2009. Frå 2010 hevda ho seg mellom dei beste i Europa i øvinga, forbetra sitt personbeste til 54,13 i Roma, og ho vart nummer i europameisterskapen. I 2011 forbetra ho den tsjekkiske rekorden to gongar, sist til 53,29 sekund i Paris den 8. juli. Sommaren 2012 sprang ho i mål som nummer 4 på langhekken i Helsinki-EM, fleire år seinare omgjort til bronse ettersom vinnaren fekk annullert sitt resultat. Hejnová fekk EM-bronse også i 4x400 m stafett med Tsjekkia. Under Sommar-OL i London kom ho i mål til bronsemedalje, ti år etter vart vinnaren frådømt gullmedaljen. I løpet av seks veker i juli og august 2013 forbetra Hejnová sitt personbeste til 53,23 i Paris, 53,09 i London og til livsbeste 52,83 sekund då ho vann gullmedaljen under verdsmeisterskapen i Moskva. To år seinare forsvarte ho meistertittelen då VM i friidrett 2015 vart avvikla i Beijing, med årsbeste 53,50 sekund i verda sigra ho med god margin. Dei neste sesongane heldt ho ikkje heilt same nivå som før, plasserte seg likevel som nummer 4, 4 og 5 høvesvis ved Sommar-OL 2016 og i friidretts-VM 2017 og 2019. Hejnová sprang under 54 sekund på 400 meter hekk siste gongen i Brussel i 2017. Ho la opp i 2020.

Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap VM 2005 i Helsinki: Utslått i semifinalane (57,29=nr 22) EM 2006 i Göteborg: Utslått i semifinalane (56,39=nr 13) VM 2007 i Osaka: Utslått i semifinalane (55,04=nr 13) OL 2008 i Beijing: Nr 7 – 54,97 VM 2009 i Berlin: Utslått i semifinalane (54,99=nr 11) EM 2010 i Barcelona: Nr 4 – 54,30 VM 2011 i Daegu: Nr 7 – 54,23 EM 2012 i Helsinki: Bronsemedalje på 400 m hekk og i 4 x 400 m stafett OL 2012 i London: Sølvmedalje – 53,38 VM 2013 i Moskva: Gullmedalje – 52,83, framom Dalilah Muhammad (54,09) VM 2015 i Beijing: Gullmedalje – 53,50, framom Shamier Little (53,94) OL 2016 i Rio de Janeiro: Nr 4 – 53,92 VM 2017 i London: Nr 4 – 54,20 EM 2018 i Berlin: Utslått i semifinalane (56,03=nr 13) VM 2019 i Doha: Nr 5 – 54,23

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Zuzana Hejnová» frå , den 10. september 2016.

World Athletics

Kategori:Tsjekkiske friidrettsutøvarar Kategori:Hekkeløparar Kategori:Verdsmeistrar i friidrett Kategori:Olympiske bronsemedaljevinnarar for Tsjekkia Kategori:Tsjekkiske deltakarar under sommar-OL 2008 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 2008 Kategori:Medaljevinnarar under sommar-OL 2012 Kategori:Tsjekkiske deltakarar under sommar-OL 2012 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 2012 Kategori:Tsjekkiske deltakarar under sommar-OL 2016 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 2016