Vic Coppersmith-Heaven, fødd Victor Smith i England, er ein engelsk lydteknikar og plateprodusent, mest kjend som produsent for The Jam.
Karriere Smith arbeidde i platestudio ved Polydor etter han var ferdig på skulen i 1961. I 1967 arbeidde han som lydteknikar på Cat Stevens-albumet Matthew and Son og på The Rolling Stones-albumet Let It Bleed. Smith var lydteknikar på hittar som «Honky Tonk Women» og Joe Cocker sin «With a Little Help from My Friends». Tidleg i 1968 produserte han the Nashville Teens-innspelinga av «All Along the Watchtower», den første coverversjonen av Bob Dylan-songen, og denne vart gjeven ut på singel i Storbritannia og Europa på Decca Records kring eit halvt år før hitversjonen til Jimi Hendrix.
Han produerte mange artistar, som Sunforest for Nova, den kortvarige progrock-etiketten til Deram Records i 1969 og Tinkerbells Fairydust.
I midten av 1970-åra arbeidde Smith i det gamle studioet til Polydor i Stratford Place i London, og vart involvert i innspelingane til The Jam.
The Vapors-songen «Turning Japanese», vart produsert av Coppersmith-Heaven og nådde topp 3 på UK Singles Chart, samstundes som The Jam sin «Going Underground» låg på toppen av lista. I September 1980, då «Start!» nådde toppen av den britiske singellista, vart det den andre songen Coppersmith-Heaven produserte som klarte dette.
I 1987 skapte han, produsenten Nick Glennie-Smith og songaren Kenny Young albumet Transmissions under gruppenamnet Gentlemen Without Weapons. Young hadde vore uroa for miljøsaker i fleire år og i 1989 var han med å starte opp ein organisasjon for bevaring av regnskogen, Earth Love Fund, med dei same kollegaene. Same året arbeidde Coppersmith-Heaven med Black Sabbath for andre gongen, og produserte albumet The Eternal Idol. Eit år seinare produserte han ein singel for det Kent-baserte indie-bandet The Claim.
Diskografi Matthew and Son – Cat Stevens (1967) Skip Bifferty – Skip Bifferty (1968) Soul of a Man- Robbi Curtice (1968) Tinkerbells Fairydust – Tinkerbells Fairydust (1969) Heavy Blues – Champion Jack Dupree (1969) Sound of Sunforest – Sunforest (1969) Peter Wyngarde – Peter Wyngarde (1970) Every Word You Say (Is Written Down) – Peter Sarstedt (1971) Black Sabbath Vol. 4 – Black Sabbath (1972) Rock 'n Roll Gypsies – Vinegar Joe (1972) Bodacious DF - Bodacious DF (1973) SNAFU – Snafu (1973) Rocka Rolla – Judas Priest (1974) In the City – The Jam (1977) This Is the Modern World – The Jam (1977) All Mod Cons – The Jam (1978) The Jolt – The Jolt (1978) Setting Sons – The Jam (1979) Hour Glass – Johnny Warman (1979) Sound Affects – The Jam (1980) Playing in the City – Barratt Band (1981) Vocabulary – The Europeans (1983) Step Off The Edge – The Venetians (1985) The Eternal Idol – Black Sabbath (1987) Transmissions – Gentlemen Without Weapons (1987) Island of Ghosts – Rossy (1991) The Gate – Joji Hirota (1998) Issues – The Q (2008)
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Vic Coppersmith-Heaven» frå , den 11. september 2016. oppgav desse kjeldene:
Kategori:Britiske lydteknikarar Kategori:Engelske plateprodusentar