«Victim of Changes» er ein song av det britiske heavy metal-bandet Judas Priest frå studioalbumet Sad Wings of Destiny i 1976. Adrien Begrand, som skreiv for PopMatters, hevda at songen endra løpet for heavy metal-historia. Gitarspelinga er òg vidkjend, og Bob Gendron hylla «jordras-riffa» i Chicago Tribune. Den «episke» songen har blitt ein Judas Priest-klassikar, og Martin Popoff førte songen på 17. plassen på lista over dei 500 beste heavy metal-songane gjennom tidene.
Songen er ein kombinasjon av to songar av to Judas Priest-songarar: «Whiskey Woman» av Priest-grunnleggjaren Al Atkins, og «Red Light Lady» av den seinare songaren Rob Halford. Konsertversjon av songen finst på fleire av konsertalbuma til Judas Priest, som Unleashed in the East, '98 Live Meltdown og Live in London.
Andre versjonar San Francisco Bay-bandet Forbidden framførte songen live på «Raw Evil - Live at the Dynamo» i 1989. Det tyske power metal-bandet Gamma Ray gav ut ein song som bonusspor på albumet Somewhere Out in Space i 1997. Al Atkins, den tidlegare songaren i Judas Priest og medlåtskrivar på songen, spelte inn songen i 1998 for albumet med same namn. Mushroomhead spelte songen live i 1997. Judas Cradle spelte songen i 2012.
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Victim of Changes (song)» frå , den 11. september 2016. oppgav desse kjeldene:
Kategori:Songar frå 1976 Kategori:Judas Priest-songar Kategori:Songar skrivne av Glenn Tipton Kategori:Songar skrivne av K.K. Downing Kategori:Songar skrivne av Rob Halford Kategori:Progressive rockesongar