mini|Hovudbygning mini|Forpaktarbustad mini|Stabbur Jevnaker prestegard (gnr. 140) ligg rett søraust for Jevnaker kyrkje, på motsett side av E16.
Prestegarden si historie går langt attende i tid, og garden har vore hovudbølet i eit gods som med parsellar og husmannsplassar kan ha vore så stort som 3800 mål.Hadeland: Bygdenes historie 1, s. 314. Det første teglverket i området kom i drift i 1776 ved prestegarden.Hadeland: Bygdenes historie 2, s. 170f.
Den førre hovudbygningen brann i 1713, og eldste del av noverande bygning er truleg oppført like etterpå. Bygningen er sidan utvida med ein bygningsdel frå 1814 som vart sett saman med den eldre hovudbygningen omkring midten av 1800-talet. Hovudbygningen vart omfattande restaurert i 1931.Hadeland: Bygdenes historie 1, s. 315.
Av andre bygningar vert bryggarhuset rekna for å vere det eldste. Drengstova er nytta som forpaktarbustad sidan 1906.
Prestegarden er freda. Gardsdrifta er delt frå og seld. I området rundt kyrkja og prestegarden er ei rekkje gravhaugar.Hadeland: Bygdenes historie 1, s. 88.
Fotnotar
Kjelder
Bakgrunnsstoff Jevnaker prestebolig hos Opplysningsvesenets fond
Kategori:Prestegardar i Noreg Kategori:Kulturminne i Jevnaker Kategori:Byggverk i Jevnaker Kategori:Gardar i Akershus Kategori:Freda bygg i Akershus