«Electric Eye» er ein song av det britiske heavy metal-bandet Judas Priest, frå albumet Screaming for Vengeance frå 1982. Han vart gjeven ut som singel seinare på året og har blitt spelt mykje på konsertane til bandet, ofte som opningslåt.

Benediction og Helloween er andre band som har spelt inn songen.

«Electric Eye» er nytta i Grand Theft Auto: Vice City Stories og er spelbar i Guitar Hero Encore: Rocks the 80s. I tillegg finst han tilgjengeleg som nedlasting i Rock Band og vart nytta i den andre traileren for videospelet Brütal Legend.

Medverkande Rob Halford - vokal Glenn Tipton - sologitar K.K. Downing - rytmegitar Ian Hill - bass Dave Holland - trommer

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Electric Eye (song)» frå , den 19. september 2016. oppgav desse kjeldene:

Kategori:Songar frå 1982 Kategori:Judas Priest-songar Kategori:Singlar frå 1982 Kategori:Songar skrivne av Rob Halford Kategori:Songar skrivne av Glenn Tipton Kategori:Songar skrivne av K.K. Downing