miniatyr|Kyllingfrikassé Frikasse eller frikasse er ein matrett som typisk er laga av kjøtstykke og grønsaker som er kokt i ein saus.
Ein lager frikasse ved å dela kjøt og/eller grønsaker i mellomstore bitar og koka dei i buljong eller saus. Stuinga blir jamna med smør og fløyte eller eggeplomme.
I Noreg er lammefrikasse ein tradisjonell varliant.
Etymologi Det franske ordet fricassée er eit gammalt uttrykk som kan sporast tilbake til 1500-talet. Etymologien av verbet fricasser er usikker. Kanskje er det ei samansetjing av frire (å steike, sjå fritering) og casser eller quasser (å bryte i bitar).
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Frikassé» frå , den 25. september 2016.
Kategori:Kjøtretter Kategori:Franske ord og uttrykk