«I Love You Because» er ein song frå 1949 skriven og spelt inn av Leon Payne. Songen har blitt spelt av mange artistar gjennom åra, mellom andre hitversjonar av Al Martino i 1963 og Jim Reeves i 1964.
Leon Payne-versjonen Originalversjonen til Leon Payne frå 1949 nådde fjerdeplassen på Billboard Country & Western Best Seller-lista og låg to veker på toppen av Country & Western Disk Jockey List, totalt 32 veker på lista. «I Love You Because» var den einaste songen til Payne som nådde couintrylista.
Al Martino-versjonen
I 1963 gav Al Martino ut den mest suksessrike versjonen av songen og nådde tredjeplassen på Billboard Hot 100-lista og nådde toppen av Middle-Road-lista (eller Easy Listening) for to veker i mai det året.
Jim Reeves-versjonen I 1964 spelte den amerikanske countrysongaren Jim Reeves inn songen og nådde femteplassen i Storbritannia og heilt til topps i Noreg. I 1976 vart songen tittelsporet på eit posthumt album av Jim Reeves, som nådde 24. plassen på den amerikanske countrylista. Singelversjonen nådde 54. plassen i USA det året.
Lister Vekeslister Liste (1964) Plassering VG-lista i Noreg 1 Irish Singles Chart 1 UK Singles Chart 5
Andre versjonar I 1950 spelte Ernest Tubb og Clyde Moody inn kvar sin versjon av songen, og begge gjekk inn på topp 10 på Country & Western-lista. Ein versjon av Johnny Cash nådde 20. plassen på singellista i 1960. Carl Smith-versjonen nådde 14. plassen i 1969. I 1983 fekk Roger Whittaker ein liten hit på countrylista med songen. Roger Whittaker-Biography http://www.cmt.com/artists/az/whittaker_roger/bio.jhtml Andre artistar som har spelt inn songen er Elvis Presley, Hank Locklin, Matt Monro, Slim Whitman, Jerry Lee Lewis, George Jones, Willie Nelson, Jean Shepard, Harry James og Ray Price. Presley-innspelinga er frå 1954 og er ei av dei tidlegare innspelingane hans som vart gjeven ut av RCA Records i levetida hans (tidlegare demoar og andre spor vart gjevne ut etter han døydde i 1977).
Kjelder Denne artikkelen bygger på «I Love You Because (song)» frå , den 29. september 2016. oppgav desse kjeldene:
Bakgrunnsstoff
Kategori:Songar frå 1949 Kategori:Singlar frå 1963 Kategori:Songar skrivne av Leon Payne Kategori:Al Martino-songar Kategori:Johnny Cash-songar Kategori:Carl Smith-songar Kategori:Jim Reeves-songar Kategori:Songar på toppen av Billboard Adult Contemporary-lista Kategori:Ernest Tubb-songar Kategori:Leon Payne-songar Kategori:Elvis Presley-songar Kategori:Roger Whittaker-songar Kategori:Jerry Lee Lewis-songar Kategori:George Jones-songar Kategori:Willie Nelson-songar Kategori:Ray Price-songar Kategori:Nummer-ein-singlar i Irland Kategori:Songar på toppen av VG-lista