mini|Bruk av kalk som jordforbetringsmiddel. Jordforbetringsmiddel er stoff ein tilfører jordsmonn for å endra dei kjemiske, fysiske eller mikrobiologiske eigenskapane til jorda. Midla skal gjera jorda betre eigna som veksestad for plantar, til forskjell frå gjødsel som ein tilfører jorda for å gje plantane næring.

Det viktigaste jordforbetringsmiddelet er kalk, som gjer jorda mindre sur. På skarp sandjord kan ein tilføra leire. På myrjord, særleg mosemyr, er alle typar mineraljord gunstig. Kompost er bra ved moldfattig jord. Faste stoffe som blir skilde frå kloakk gjennom reinsing er også anerkjende som jordforbetringsmiddel.

Ulike jordforbetringsmiddel Mekaniske jordforbedringsmiddel (forbetring av [drenering]], oksidasjon og jordstruktur) Grus Kalk Kompost Flis Torvmosar (Sphagnum)

Kjemiske jordforbetringsmiddel (endring av pH, større innhald afv næringsstoff) Kalk (med baseverknad) Svovel (med syreverknad) Torvmosar (med syreinnhald) Mergel (tidlegare nytta kalkhaldig leier som frigav bundne næringsstoff)

Biologiske jordforbetringsmiddel (auka biodiversitet og betra balanse mellem planteskadelege og hjelpsame organismar) Kompost Naturgjødsel Grøntgjødsel Brakklegging

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Jordforbedringsmiddel» frå , den 12. oktober 2016.

Kategori:Materiale Kategori:Jordbruk