«Wear My Ring Around Your Neck» er ein song skriven av Bert Carroll og Russell Moody, framført av Elvis Presley og gjeven ut i 1958. Dette vart den tiande hitten til Elvis på rad som nådde toppen av singellista i USA på berre to år. Det var den sjette singelen hans som nådde toppen av den amerikanske R&B-lista og nådde andreplassen på den amerikanske poplista.
Lister Liste (1958)PlasseringU.S. Billboard Hot 1002U.S. Billboard Hot Country Singles3U.S. Billboard Hot R&B Singles1
Ricky Van Shelton-versjonen Den amerikanske countrymusikaren Ricky Van Shelton spelte inn songen for filmen Honeymoon in Vegas i 1992. Shelton-versjonen, som òg kom ut på albumet hans, Greatest Hits Plus, nådde 26. plassen på Billboard Hot Country Singles & Tracks-lista.
Lister Liste (1992)Plassering
Andre versjonar
Instrumentale versjonar 1961 - Jerry Kennedy 1995 - The Nashville Super Guitars
Andre språk Songen vart omsett til tysk av Joachim Relin som «Ich brauch' keinen Ring» og spelt inn av Ted Herold i 1958. Han vart òg om sett til dansk av Bamse og gjeven ut som «La' nu vær' at ring» av Bamses Venner i 1975.
Ein norsk versjon vart skriven og framført av Benny Borg som «Ta imot denne lille ring» på Benny Borg synger Elvis i 1980.
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Wear My Ring Around Your Neck» frå , den 15. oktober 2016. oppgav desse kjeldene:
Bakgrunnsstoff
Kategori:Songar frå 1958 Kategori:Singlar frå 1958 Kategori:Elvis Presley-songar Kategori:Singlar frå 1992 Kategori:Musikkvideoar regisserte av Deaton-Flanigen Productions Kategori:Songar produserte av Stephen H. Sholes Kategori:RCA Victor-singlar Kategori:Epic Records-singlar Kategori:Ricky Van Shelton-songar Kategori:Pat Boone-songar Kategori:Shakin' Stevens-songar Kategori:The Vanguards-songar Kategori:Vikingarna-songar Kategori:Billy Swan-songar