Ludmila Engquist () er ein sovjetisk-svensk tidlegare friidrettsutøvar frå Tambov oblast i dåverande Sovjetunionen. Ho spesialiserte seg på 100 meter hekk og vann gullmedaljen i øvinga under VM 1991 i Tokyo, då som Ludmila Narozjilenko, og på ny i VM 1997 i Aten. I mellomtida vart ho olympiske meister i øvinga under sommar-OL 1996 i Atlanta.
Aktiv Narozjilenko vart verdsmeister på 100 meter hekk under friidretts-VM 1991 i Tokyo, fire hundredels sekund framom favoritten Gail Devers frå USA. Sommaren etter sette ho personleg rekord med 12,26 sekundar i eit stemne i Sevilla, 0,05 sekund bakom verdsrekorden. I dei olympiske leikane 1992 i Barcelona førte ein skade til at ho braut av hekke-tevlinga.
I 1993 vart ho dømd til fire års utestenging for brot på dopingreglementet. Utestenginga var oppheva i 1995, då det kom fram at hennar då tidlegare ektemann Nikolaj Narozjilenko, utan hennar vitande, i 1992 hadde forsynt henne med steroidar i form av vitaminpillar.
Sommaren 1996 fekk Ludmila Engquist svensk statsborgarskap og deltok i sommarleikane i Atlanta for det svenske OL-laget. I kvartfinaleløpet sette ho svensk rekord på 100 m hekk med 12,47 sekundar. Dagen etter vart ho olympisk meister i øvinga, eitt, lite hundredels sekund framom slovenske Brigita Bukovec og med franske Patricia Girard på tredjeplass. For denne prestasjonen fekk ho Radiosportens Jerringpris 1996.
Ved verdsmeisterskapen 1997 sikra Engquist seg sin tredje store triumf då ho vann korthekken på tida 12,50, og ho vart tildelt Svenska Dagbladets gullmedalje for årets fremste svenske idrettsbragd 1997. To år seinare gjorde ho unna sitt snøggaste finaleløp i noko meisterskap på 100 m hekk. Under VM i Sevilla kom ho i mål på 12,47 sekundar og tangerte sin svenske rekord, men måtte likevel nøye seg med ein bronsemedalje.
Enquist avslutta friidretts-karrieren 2000 på grund av en skada i ei hælsene.
Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap EM 1990 i Split: Nr 5 – 12,97 VM 1991 i Tokyo: Gullmedalje – 12,59, framom Gail Devers (12,63) OL 1992 i Barcelona: Starta ikkje kvartfinalen OL 1996 i Atlanta: Gullmedalje – 12,58, framom Brigita Bukovec (12,59) VM 1997 i Aten: Gullmedalje – 12,50, framom Svetla Dimitrova (12,58) VM 1999 i Sevilla: Bronsemedalje – 12,47, bakom Glory Alozie (12,44)
Bobsleigh Etter ho gav opp friidretten satsa Engquist på å verte den fyrste kvinna som vann gull i både sommar- og vinter-OL. Vinteren 2001 deltok ho i verdscuptevlingar i bobsleigh. Då ho vart dopingavslørd for andre gong, vart ho på ny utestengd frå idrett.
Sidan 2000 har Engquist budd med familien i Spania.
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Ludmila Engquist» frå , den 24. oktober 2016.
Bakgrunnsstoff World Athletics
Kategori:Sovjetiske hekkeløparar Kategori:Russiske hekkeløparar Kategori:Svenske hekkeløparar Kategori:Verdsmeistrar i friidrett Kategori:Europameistrar i friidrett Kategori:Olympiske meistrar for Sverige Kategori:Sovjetiske deltakarar under sommar-OL 1988 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 1988 Kategori:Deltakarar for SUS under sommar-OL 1992 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 1992 Kategori:Medaljevinnarar under sommar-OL 1996 Kategori:Svenske deltakarar under sommar-OL 1996 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 1996 Kategori:Dopingsaker i friidrett