«Wooden Heart» er ein song mest kjend i ein versjon med Elvis Presley frå 1960 i filmen G.I. Blues. Songen vart ein hit for Presley i Storbritannia der han låg seks veker på toppen av den britiske singellista i mars og april 1961. Songen vart ikkje gjeven ut på singel i USA før i november 1964, der han var B-sida til «Blue Christmas». Presley framførte songen live under Dinner Show-konserten på Hilton Hotel i Las Vegas i 1975, og ei innspeling av dette finst på konsertalbumet Dinner At Eight.

Ein versjon av Joe Dowell nådde toppen av den amerikanske singellista i slutten av august 1961,. Dowell-versjonen låg òg tre veker på toppen av Easy Listening-lista.

«Wooden Heart» vart skriven av Fred Wise, Ben Weisman, Kay Twomey og den tyske bandleiaren Bert Kaempfert, og var basert på ei tysk folkevise av Friedrich Silcher, «Muss i denn», frå Remsdalen i Württemberg sørvest i Tyskland. «Wooden Heart» inneheld fleire linjer frå den originale folkevisa. Marlene Dietrich spelte inn ein versjon av songen ein gong før 1958, før Presley, men i den originale tyske versjonen. Denne kom ut som B-sida til ein versjon i 1959 av singelen «Lili Marlene», for Philips og Columbia Records. Elvis Presley-versjonen vart publisert av Gladys Music, songforlaget til Elvis Presley. Bobby Vinton spelte inn sin versjon i 1975 med ein tekst omsett til polsk.

Elvis Presley-versjonen inneheld to parti på tysk, den første er dei fire første linjene av «Muss i' denn zum Städtele hinaus», medan den andre delen kjem mot slutten og er basert på ei omsetjing av den engelske versjonen (og derfor ikkje den originale tyske teksten).

Andre versjonar

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Wooden Heart» frå , den 1. november 2016. oppgav desse kjeldene:

Bakgrunnsstoff Elvis News Network – G.I. Blues

Kategori:Singlar frå 1960 Kategori:Singlar frå 1961 Kategori:Elvis Presley-songar Kategori:Nummer-ein-singlar i Storbritannia Kategori:Nummer-ein-singlar i Australia Kategori:Songar på toppen av Billboard-lista Kategori:Songar på toppen av Billboard Adult Contemporary-lista Kategori:Songar med musikk av Bert Kaempfert Kategori:Songar med tekst av Fred Wise Kategori:Songar med musikk av Ben Weisman Kategori:Songar med tekst av Kay Twomey Kategori:Tyske folkeviser Kategori:Songar frå 1960 Kategori:Songar frå 1959 Kategori:Kitty Wells-songar Kategori:The Sandpipers-songar Kategori:Carola Häggkvist-songar Kategori:Billy Swan-songar Kategori:Tom Petty-songar