mini|Illustrasjon av ein bakterie med kromosom og plasmid Plasmid er sjølvstendige DNA-molekyl som økslar seg i seller, og som stort sett er sirkulære. Dei finst i hovudsak i prokaryotar, men òg i nokre få eukaryotar. Plasmid inneheld nokre få gen, og eit særs kjent døme på slike gen er resistensgen mot antibiotika. Utanom bakteriofagar og kosmid vert plasmid nytta som som transportørar (vektorar) i genteknologi til å føra gen inn i seller. Eit framand gen kan spleisast inn i det ringforma plasmidet som deretter kan førast inn i ei selle, til dømes ei bakterieselle. Inne i sella kan genet byrja å verka.

Plasmid kan tilføra bakteriar nye eigenskapar. Dei kan framkalla fertilitet hjå vertsbakterien, som vil seia at han har evna til å overføra gena sine til andre bakteriar (F-faktorar). Dei kan òg overføra resistens mot eitt eller flere antibiotikum (R-faktorar). Dessutan kan dei få bakterien til å laga bakteriedrepande stoff.

Plasmida er som regel mindre enn kromosoma dei finst i lag med, men til dømes i slekta Borrelia finst plasmid med sekvenslengd på kring av kromosomet (200 kb mot 950 kb). Fylogenien til plasmid syner stort sett at dei utviklar seg uavhengig av bakteriar, og at dei soleis kan verka som parasittiske element.

Kjelder

Kategori:Molekylærbiologi