Johan Sigvard Ericsson (), kjend som Sigge Ericsson, var ein svensk skeiseløpar frå Alanäs i Jämtland. Han vart både europameister og verdsmeister på skeiser i 1955, og han vann gullmedaljen på 10 000 meter under Vinter-OL 1956.

venstre|mini|Sigge Ericsson i 1956

Ericsson fekk sitt gjennombrot då han vart tredjemann ved skeise-EM 1954 i Davos. Vinteren 1955 vann han fyrst europameisterskapen i Falun og sidan verdsmeisterskapen i Moskva, begge gongane hadde han sterkast konkurranse frå sovjetiske Oleg Gontsjarenko. For desse prestasjonene vart Ericsson tildelt Svenska Dagbladets gullmedalje.

I OL-sesongen 1956 tok Ericsson tredjeplassen ved EM i Helsinki. Under vinterleikane 1956 i Cortina d'Ampezzo vann han sølvmedaljen på 5 000 m. To dagar seinare kneip han gullmedaljen på 10 000 m med tida 16,35,9, eitt sekund framom norske Knut Johannesen og med Oleg Gontsjarenko på bronseplassen.

Han la opp i 1957.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Sigge Ericsson» frå , den 12. november 2016.

Kategori:Svenske skeiseløparar Kategori:Olympiske meistrar for Sverige Kategori:Svenske deltakarar under vinter-OL 1952 Kategori:Svenske deltakarar under vinter-OL 1956 Kategori:Skeiseløparar under vinter-OL 1952 Kategori:Skeiseløparar under vinter-OL 1956 Kategori:Olympiske sølvmedaljevinnarar for Sverige Kategori:Medaljevinnarar under vinter-OL 1956