Per Andris Bjørang () er ein norsk tidlegare skeiseløpar frå Lillehammer som vart verdsmeister i sprint i Innsbruck i 1974, og noregsmeister i sprint same sesongen. Han var medlem i Lillehammer Skøiteklubb og seinare Oslo Idrettslag.

Bjørang tok steget opp i noregseliten i OL-sesongen 1972. Helga før jul 1971 vart han norsk sprintmeister på Hamar framfor Roar Grønvold. Under Vinter-OL 1972 i Sapporo kom han på fjerdeplass på 500 meter, og han vart sjuandemann ved sprint-VM 1972 i Eskilstuna. Året etter enda han på femteplass i sprint-VM i Oslo.

Vinteren 1974 vann Bjørang ein knipen siger då sprint-NM fann stad i Trondheim, Ole Christian Iversen var hakk i hæl då meisterskapen var over. Den 17. februar 1974 vart Bjørang kåra til verdsmeister i sprint 1974 i Innsbruck, med romsleg sigersmargin til japanske Masaki Suzuki på andreplass.

Bjørang sette ny norsk rekord på 500 meter i 1974 med 39,02 sekundar, to år seinare forbetra han gjeldande noregsrekord til 38,65. Han la opp på topplan i 1977.

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Per Bjørang» frå , den 24. november 2016.

Kategori:Norske skeiseløparar Kategori:Norske deltakarar under vinter-OL 1972 Kategori:Skeiseløparar under vinter-OL 1972