Casey J. FitzRandolph () er ein USA-amerikansk tidlegare skeiseløpar frå Verona i Wisconsin. Han vann OL-gull på 500 meter under Vinter-OL 2002.

FitzRandolph vart tredjemann i sprint-VM 1997 på Hamar. Sjølv om han i 2001 tok bronsen på 500 i VM i enkeltløp, var det noko overraskande at han skulle vinne gullmedaljen på 500 meter i OL 2002 i Salt Lake City. Rett nok fall den største favoritten, kanadiaren Jeremy Wotherspoon, i sitt fyrste løp. Men då FitzRandolph etter to løp makta slå den japanske tittelforsvararen Hiroyasu Shimizu med tre hundredels sekund, var OL-triumfen eit faktum. Tidlegare i OL-sesongen kneip FitzRandolph sølvmedaljen i sprint-VM på Hamar. I åra fram til Vinter-OL 2006 i Torino var han jamnt i tetsjiktet i sprinttevlingane, utan å vinne medaljar. Han vart som beste nummer ni på 1000 m i Torino, medan han vart fjerdemann i sprint-VM 2006, før han så la opp.

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Casey FitzRandolph» frå , den 27. november 2016.

Bakgrunnsstoff

Kategori:Skeiseløparar frå USA Kategori:Olympiske meistrar i lengdeløp på skeiser Kategori:Olympiske meistrar for USA Kategori:USA-amerikanske deltakarar under vinter-OL 1998 Kategori:Skeiseløparar under vinter-OL 1998 Kategori:Medaljevinnarar under vinter-OL 2002 Kategori:USA-amerikanske deltakarar under vinter-OL 2002 Kategori:Skeiseløparar under vinter-OL 2002 Kategori:USA-amerikanske deltakarar under vinter-OL 2006 Kategori:Skeiseløparar under vinter-OL 2006