Vilhelm Edvard Karl Nagel () var ein norsk kontorist og politikar frå Kristiania. Perioden 1913-15 sat han på Stortinget, vald på Det norske Arbeidarparti sitt program.

Nagel var son til ein faktor. 16 år gammal vart han tilsett ved kontoret til jarnbanestyret i hovudstaden som kontorbod. I 1898 fekk han stilling som fullmektig og i 1908 som bokhaldar, då ved jarnbanekontoret i Drammen.

Nagel var medlem 1908-09 i skulestyret i Kristiania og frå 1911 i Drammen, der han i 1912 vart vald til formann. Han representerte einmannskrinsen Strømsø og Tangen på Stortinget 1913-15, han var då sekretær i Gasje- og pensjonskomiteen.

Kjelder Lindstøl, Tallak: Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914

Kategori:Stortingsrepresentantar 1913-1915 Kategori:Stortingsrepresentantar frå Ap Kategori:Folk frå Oslo