«I'll Remember You» er ein song skriven av Kui Lee i 1964. Mange artistar, inkludert Elvis Presley (1966), Andy Williams, Tony Bennett, Herb Alpert og Roger Williams, har spelt inn songen, og han vart framført av Tommy Sands i 1968 Hawaii Five-O-episoden «No Blue Skies». Den kanskje mest kjende versjonen vart framført av venen til Lee, Don Ho.Enomoto, Catherine Kekoa. «Kui Lee: 'One of the all-time geniuses of Hawaii.'» Honolulu Star-Bulletin. May 15, 1997
Dottera til Frank Sinatra, Nancy Sinatra, vitja nattklubben Honey's med nokre vener. Der høyrde ho Don Ho framføre songen, og fortalte om artisten til faren, som nettopp hadde starta sitt eige plateselskap. Don Ho og musikarane hans spelte inn den første plata for Reprise Records året etter: «Tiny Bubbles» og «I'll Remember You» på andre sida.
Innspelingar 1965: Don Ho 1966: Elvis Presley 1966: Andy Williams 1966: Jack de Mello 1966: Kui Lee 1967: The Sandpipers 2007: Tia Carrere
Kjelder Denne artikkelen bygger på «I'll Remember You» frå , den 4. desember 2016. oppgav desse kjeldene:
Kategori:Songar frå 1964 Kategori:Elvis Presley-songar Kategori:Andy Williams-songar Kategori:The Sandpipers-songar Kategori:Tony Bennett-songar Kategori:Herb Alpert-songar